Illustrasjonsfoto: F. Meyer
Illustrasjonsfoto: F. Meyer

Usikkerhet rundt melkemengden neste år

26. november 2023

Kommende uke blir forholdstallet for melkekvotene i 2024 fastsatt. TINE har anbefalt et forholdstall på 1,02, men det var før den siste prognosen for 2024 ble lagt fram. Den viser at forholdstallet må opp til 1,04 for å få inn den melkemengden som meieriindustrien har varslet behov for neste år. (1 430 millioner liter)

Utdrag fra den siste prognosen fra Norsk melkeråvare.

Industrien har signalisert behov for meir mjølk neste år. På grunn av lågare volum i 2023 enn venta har også behovet i 2024 auka. Tilførselen av mjølk er påvirka av grunnkvote og forholdstal. Det er gjort overslag over kva volum ein forventar med ulike forholdstal. Det er tatt utgangspunkt i same grunnkvote og forholdstal som i år (0,99), og det er laga to alternativ med høgre forholdstal (1,02 og 1,04).

 

Med same forholdstal som i år (0,99) viser estimata at produksjonen vil auke med 16 mill. liter, og det vil gi ei kvotefylling på 89,5 %. Eit forholdstal på 1,02 vil gje ei kvotefylling på 88,2 % og 1423 mill. liter mjølk, ein auke på 37 mill. liter frå 2023. Vidare auke til 1,04 i forholdstal og kvotefylling på 87,0 % vil gi ytterlegare 10 mill. liter, totalt 1433 mill. liter. Det er forutsett at kvotefyllinga vil auke med same forholdstal som i år. Dersom forholdstalet aukar er det stor usikkerheit om kva kvotefyllinga vil verte. Det er difor stor usikkerheit ved estimata i tabellen over. Endeleg forholdstal blir avgjort av Landbruks- og matdepartementet etter drøftingar med Norges Bondelag og Norsk bonde og Småbrukarlag i månadsskifte november/desember.

Føresetnad for prognosa i 2024 med basis i forholdstal 1,02:

-Utgangen av 2023 er styrande for inngangen til 2024. På grunn av lågare utgang enn føresett i førre prognose og låg kvotefylling i 2023 vil også inngangen til 2024 blir lågare enn tidlegare berekna.

-Det er forutsett at fôringa i vinter vil vere stabil og at det vil vere små endringar i starten på året. Trass noko auke i kraftfôrforbruket har avdråtten ikkje gått opp. Det kjem truleg av lågare grovfôrkvalitet/mindre fôr eller val av billegare kraftfôrtypar.

– Både avdråtten og dyretalet må auke utover våren og gjennom året.

– Det er halde tilbake mjølkekyr frå slakt gjennom hausten 2023, og det er venta at ein del av disse blir slakta på nyåret. Det er elles venta redusert slakting også i 2024.

-Normale avlingar sommaren 2024

– Det er venta låg kvotefylling og stort potensiale for å auke, men det er fortsatt høge kostnader og redusert handlingsrom i produksjonen, og det kan også redusere effekten av auka forholdstal. Kraftfôret blir rekna som dyrt og ein del ønskjer ikkje å auke produksjonen.

-Det er spesielt stor usikkerheit til siste halvår i 2024.

-Frå 1.januar 2024 trer nye krav til oppstalling og beite i kraft. Det er usikkert korleis dette vil slå ut på produksjonen utover hausten. Det er meldt inn 324 som vil selje kvoten og eit volum på 27,8 mill.liter.

 

Kilde: Norsk melkeråvare