Skurtresker
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Sjølforsyningsgrad på 36 eller 45 prosent i 2019.

15. mai 2020

NIBIO har i dag lagt fram statistikk for sjølforsyning i 2019. Sjølforsyningsgrad når importerte fôrråvarer er trukket fra var på 36 prosent i 2019. 45 prosent av maten var produsert i Norge. Mens dekningsgraden som tar hensyn til det vi eksporterer var på 86 prosent.

– Når det politisk blir vist til sjølvforsyningsgraden, er dette talet ein brøk der all norsk matproduksjon minus eksportert mat blir delt på totalt matvareforbruk. Tala er på engrosnivå og rekna i energi, sier Avdelingsleiar Lars Johan Rustad i NIBIO.

Dei siste åra har sjølvforsyningsgraden vore i underkant av 50 prosent, og i 2019 vart han altså 45 prosent. Det vil seie at 45 prosent av vårt daglege kaloriinntak kom frå norskprodusert mat i 2019.

– Utan fisk er sjølvforsyningsgraden 44 prosent. Om vi i utrekninga tar omsyn til at ein del av fôret er importert, og trekk vekk energien i importerte kraftfôrråvarer, blir sjølvforsyninga 36 prosent, sier rådgiver Mads Svennerud i NIBIO.

– Variasjon i kornavlingane som følgje av veret er ei av dei viktigaste forklaringane på årlege svingingar i sjølvforsyningsgraden. Han vil variere mykje med kornavlinga frå år til år, seier Svennerud.

– Vi ser no at sjølvforsyninsgraden både for 2018 og 2019 er prega av tørkeåret 2018. Tørkeramma avlingar fekk konsekvensar for mat- og fôrproduksjon som heldt fram inn i 2019. Sjølvforsyningsgraden vart for begge åra 45 prosent, medan han i 2017 var 50 prosent.

Norskprodusert del av matvareforbruket på energibasis.



Dekningsgrad

Enkelt forklart kan ein seie at dekningsgraden fortel kor mykje norsk mat vi kunne ha konsumert dersom mat produsert for eksport var ein del av forbruket innanlands. Også dette begrepet er ein del av ordskiftet. Lars Johan Rustad forklarer det slik:

– Forskjellen mellom sjølvforsyningsgrad og dekningsgrad er berre at mat vi produserer i Noreg og eksporterer, er lagt til i teljaren i reknestykket. For Noreg sin del vil dette tillegget i hovudsak vere fisk.

– Dekningsgraden blir da eit uttrykk for kor stor del av matvareforbruket vårt vi kunne ha produsert sjølv (dersom vi sjølve konsumerte maten som går til eksport.)

Rustad er snar med å legge til at det skal vere ‘full krise’ før det er aktuelt å ete så mykje fisk sjølve. Ved full krise er det truleg fleire ting som vil bli endra, frå produksjonar til kosthald. Fiskeeksporten er dessutan i stor grad tufta på importert fôr, noko som er ei anna side av saka.

Dekningsgraden i Noreg ligg ofte opp mot 90 prosent, og var 86 prosent i 2019.

 

Kilde: NIBIO