Illustrasjonsfoto: F. Meyer
Illustrasjonsfoto: F. Meyer

Prognosen som er grunnlaget for økning i forholdstall.

8. juni 2023

I dag har Norsk melkeråvare lagt fram den siste prognosen for melkeleveransene i år. Denne prognosen vil være grunnlaget for hvor stor økning i forholdstallet styret i TINE vil anbefale. 

Med to prosent økning i forholdstallet beregner de en økning i leveransen på 12 millioner liter, mens de regner med en økning på 17 mill. liter ved å øke med 3 %.

Her er utdrag fra prognosen:

Leveransen i april og mai var på respektive 120,0 og 122,9 mill. liter. Dette er 7,6- og 6,4 % mindre enn i tilsvarande månader i fjor. Prognosa frå november 2022 var på 122- og 125 mill. liter, og det gir avvik på -1,6- og -1,7 %.

Prognosa for 2023 er justert ned med 2 mill. liter i juni og juli og 1 mill. liter i juli i forhold til førre prognose, og det er venta eit totalt volum for året på 1 371 mill. liter mjølk. Dette vil gje ei kvotefylling på 91,1 %. Med eit avvik på +/- 1 % vil forventa volum ligge mellom 1 363- og 1 379 mill. liter.

Vurdering av auka forholdstal
På grunn av lågare leveranse enn venta har styret i TINE tilrådd å auke forholdstalet. Det er gjort estimat på forventa leveranse med døme på forholdstal 0,97 og 0,98 for resten av 2023. Det er Landbruks- og Matdepartementet som fastsett forholdstalet.

Med to prosentpoeng auke i kvotene har estimata gitt ein venta leveranse på 12 mill. liter meir mjølk, med sum for året på 1 383 mill. liter. Dette vil gje ei kvotefylling på 90,0 %. Med eit avvik på +/-1 % vil forventa volum ligge mellom 1 375- og 1 391 mill. liter. Med 0,98 i forholdstal er det venta ytterlegare 5 mill. liter, med eit totalt volum på 1 388 mill. liter. Det er rekna med at fordeling av auke i volum vil vere størst på hausten. Med eit avvik på +/-1 % vil forventa volum bli
mellom 1 380- og 1 396 mill. liter, og det vil gje ei kvotefylling på 89,5 %.

Føresetnad for prognosa i 2023:

-Lågare avdrått enn forutsett er hovudårsak til lågare produksjon.

-Det er stor usikkerheit til korleis produksjonen vil slå ut framover, spesielt knytta til andre halvår når nedgangen i produksjonen har vore så stor i starten på året. Forutsett at det ikkje blir eit ekstremår vêrmessig som påverkar avlingane negativt så er avviket satt til +/- 1 %.

-Høge kostnader i produksjonen og avgrensa økonomisk handlingsrom er årsaker til auka usikkerheit.

-Det er forutsett at avdråtten vil halde fram på lågare nivå også utover sommaren. Vidare utover hausten 2023 er det venta mindre nedgang i avdråtten.

-Det er for tidleg å sei noko om korleis fôrsesongen vert i sommar. Hittil i vår har det vore svært varierande vèrforhold rundt om i landet, men generelt har det vore ein sein og kald vår. Frå Trøndelag og nordover har det vore kaldt og mykje regn i lang tid, medan det er tørke på sør- og austlandet. I Rogaland er førsteslåtten stort sett i hamn med greie
avlingar, men tørke etter slåtten hindrar gjenveksten. I aust er førsteslåtten svært variabel og det er stort behov for regn, men utsiktene framover tyder ikkje på regn. Det er fortsatt tidleg i sesongen og mykje kan rette seg utover.

-Dersom forholdstalet aukar er det venta auka avdrått og redusert slakting.

-Frå 1. januar 2024 trer nye krav til oppstalling og beite i kraft. Det er usikkert korleis dette vil slå ut utover hausten.

-Signal som blir gitt om forholdstal sommaren 2023 vil ha påverkning på produksjonen andre halvår. Det er forutsett signal om stabile forhold i 2024.

Kilde. Norsk melkeråvare