Felleskjøpet Agri marknadsregulator har utarbeidd første prognose for priskurver for basisprisar ved noteringsanlegga for den kommande sesongen.
Prisprognosen er basert på målprisane fastsett i jordbruksoppgjeret. Jordbruksavtalen har ikkje fastsett målpris for oljefrø for sesongen 2022/2023.
Prisprognosane vil bli vurdert gjennom sesongen med sikte på å ta ut målprisane som gjennomsnitt for sesongen. Jordbruksavtalen opnar også for at basisprisane kan bli justert til høgare nivå enn uttak av målpris føreset, dersom dette skuldast høge internasjonale prisar.
Kilde: Felleskjøpet Agri