Jordbrukslandskap
Geir Harald Strand NIBIO.

Nytt arealbarometer lansert i dag.

20. januar 2020

Nå kan du finne ut alt om landbruksarealet i din kommume eller ditt fylke. NIBIO lanserte i dag et nytt arealbarometer.

Her finner du arealbarometeret.

Statistikk om arealressursane i landets kommunar og fylke er samla i Arealbarometeret som no er klart på nibio.no. Her finst oversikt over ressursane som utgjer produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.

-Arealbarometeret viser og dagens bruk av jordbruksareala, og kor mykje som er i bruk til ulike produksjonar, fortel NIBIOs prosjektleiar Ingrid M. Tenge.

Gir oversikt og detaljar

Når ein klikkar seg inn på sida til Arealbarometeret og søker på ein kommune eller eit fylke, får ein opp kor mykje areal som finst av ulike typar, og bruken av dei. Enkel grafikk viser det som tala fortel.

– Slik får ein raskt oversikt over kva ressursar kommunen eller fylket har og korleis jordbruksareala blir disponert, seier Tenge.

– Grafiske element hjelper til med å vise både fordeling og bruk av areala. Fagbegrep som kan vere vanskelege å forstå, er forklart undervegs. For kva legg vi eigentleg i fulldyrka jord, eller god jordkvalitet? spør Tenge retorisk.

Det er Landbruksdirektoratet sine tal for søknader om arealbaserte tilskot som gjer det mogleg å vise kva jorda blir brukt til.

Fire datapilarar

Tala bak Arealbarometeret er henta frå ulike temakart som NIBIO utarbeider. Alle desse karta ligg på kartportalen Kilden som ein kan klikke seg direkte inn på frå Arealbarometeret.

– Ein av pilarane  i Arealbaromteret er det detaljerte arealressurskartet AR5, eit nasjonalt kart over  produksjonsgrunnlaget, fortel prosjektleiar Tenge.

– Område som ikkje er kartlagde på så detaljert nivå som i AR5, er supplert med informasjon frå det ‘grovare’ kartet AR50. Typiske døme på slike areal finn vi på fjellet.

I tillegg til arealoversikt, dokumenterer barometeret kvaliteten på jordbruksareala i kommunen. Slike data finst berre på kommunenivå, og for dei kommunane som er jordsmonnkartlagde.

Også areal som kan dyrkast opp til fulldyrka jord er tatt med. Det er jord som har potensial til å bli matjord og som held krava til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Slik dyrkbar jord kan til dømes vere skog med god bonitet.

– Det seier seg sjølv at matproduksjon er avhengig av klimaet. Derfor har vi med opplysningar om kva klimasoner som gjeld for den jorda som er oppgitt som dyrkbar, seier Tenge.

Informasjonen er henta frå temakartet Dyrkbar jord, basert på kartlegging i felt på 1960- til 1980-talet og oppdateringar frå arealressurskartet AR5.

Kilde: NIBIO.no