Jordbærplukkere
Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Nye minstelønnssatser i jordbruk og gartneri

21. juni 2021

Fra 1. juli gjelder det nye minstelønnssatser for ansatte i jordbruk og gartneri. Dette er lovbestemte minstesatser som gjelder for alle ansatte i Norge.

I år blir lønns-hoppet ekstra stort. På grunn av korona-forseinka lønnsoppgjer i fjor, vart den såkalla allmenngjeringa av delar av tariffavtalene også forseinka. Den vart så forseinka at den såkalla Tariffnemnda har justert opp den lovfesta minstelønna etter årets tariffoppgjer i same slengen, noko dei gjer anna kvart år.

Jordbruks og gartnerinæringene

Ferie- og innhaustingshjelp under 18 år: Minst 109,40 kroner per time.
Over 18 år og tilsett inntil 12 veker: 129,40 kroner.
Over 18 år og tilsett mellom 12 til 24 veker: 134,90 kroner.
Over 18 år og tilsett meir enn 24 veker: 149,30 kroner.
Fast tilsette ufaglærte: Minst 149,30 kroner per time. Under 18 år: 118,90 kroner.

Med i lønnsansienniteten, skal all relevant praksis eller utdanning innanfor gartneri, hagebruk og landbruk, eller som har betydning for stillinga.

Tillegg for fagarbeidarar: Minst 13 kroner per time.

Tillegg for røktarar og avløysarar i fast turnus på laurdagar, søndagar, jul- og nyttårsaftan, bevegelege heilagdagar og 1. og 17. mai: 25 prosent per time.

Praktikantar: Minst 104,51 kroner per time.

Refusjon av for eksempel reiseutgifter, kost og losji skal ikkje reknast som lønn.

Kilde: Fri Fagbevegelse