Kyr i løsdrift.
Foto: Tine Mediebank

Ny prognose: Melkeproduksjonen stuper.

7. november 2019

Det ble produsert 10 prosent mindre melk i oktober i år sammenlignet med i fjor. Den ferske prognosen fra TINE viser at det blir produsert 1 481 millioner liter i år, det er nesten 40 millioner liter mindre enn ifjor.

I prognosen skriver TINE følgende som forklaring på den store reduksjonen i produksjonen i høst:
“Sterke signal om utfasing av mjølk og reduserte kvoter i 2020, kvotesal og auka omsetningsavgift har skapt usikkerheit hos produsentane, og er truleg hovudårsaka til den kraftige reduksjonen i leveransen ein no ser. Det skjer er ein del uventa forhold som er direkte utslag av usikkerheit i marknaden, og har ikkje med biologiske forhold å gjere. Det er bl.a. nokre som har selt kvote som har vore leigd vekk, og leigetakar som ikkje klarar å fylle kvota fordi dei ikkje kjøper inn lakterande kyr for 3-4 månaders produksjon. Problemkyr blir slakta og ikkje erstatta slik dei elles ville blitt. Mange har venta på avklaring for kvoteåret 2020, og tek ikkje grep for å fylle kvota. I tillegg til disse forholda er det mange som har bremsa opp produksjonen for ikkje å komme over kvota.”

Her er en oversikt over produksjonen så langt i år.

2020

For 2020 regner nå prognosemakerne med en melkeproduksjon på 1 452 millioner liter. Her er det selvsagt stor usikkerhet enda, men her er noen av forutsetningene for prognosen for neste år.

-For 2020 er det tatt utgangspunkt i eit forholdstal på 0,96 som er TINE sitt innspel i samband med kvotedrøftingane.

-Tilpassinga til redusert forholdstal i 2020 har allereie starta gjennom kvotetilpassingar i 2019 og reduserte leveransar denne hausten. Mykje av tilpassinga til reduserte kvoter vil difor komme i starten på 2020.

-Utgangen av 2019 (desember) gir føringar for inngangen til 2020 (januar). Dette har historisk variert frå 2 til 7 mill. liter, og ein har valt å halde eit relativt høgt nivå med 6 mill. liter auke frå desember til januar på grunn av venta overproduksjon og at ein del mjølk blir halde tilbake

-Endring i forholdstal vil ikkje påverke leveransane første månadene. Det er stabil innefôring og nivået ved inngangen til 2020 vil halde seg stabilt fram til våren

-Sterk reduksjon i dyretalet i 2019 påverkar dyretalet i 2020. Det er lagt til grunn mindre slakting i 2020, og at dyretalet får ein svak auke frå mars til oktober

-Reduksjon i kraftfôrmengder vil redusere avdråtten i 2020, og oppfordring til auka utnytting av grovfôret framover og bruk av norske råvarer (også proteinråvarer) kan avgrense auken i avdrått. Det er likevel venta litt auke i avdråtten hausten 2020 i forhold til hausten 2019.

-Reduksjon i forholdstal vil føre til at denne tilpassinga vil starte hausten 2020. Men sidan inngangen til 2020 er låg, og utsikter om statleg oppkjøp av kvoter i 2021, er det venta mindre reduksjon siste halvår 2020 enn i 2019. Kva som skjer siste halvår 2020 vil vere avhengig av føringar for 2021.
Politiske føringar og -rammer er avgjerande for kva som skjer med produksjonen framover, og stor usikkerheit vil påverke produksjonen i negativ grad. I tillegg til dette veit vi ikkje korleis fôråret 2020
vert, og korleis det kan påverke produksjonen. Det er dermed svært usikkert kva som vil skje i 2020, spesielt i siste halvår.


Kilde: Tine.no