– Innan midten av august er truleg taket på 2500 tonn nådd. Det er relativt kritisk. Vi har derfor denne veka sendt ein søknad til Omsetningsrådet om å få lov til å doble grensa til 5000 tonn, seier eksport og importsjef i Nortura Totalmarked Raymond Willy Wold-Schätzer til Nationen.
Opphopinga av storfekjøtt på lager fører også til at Nortura ber styresmaktene heve tollen på import av storfekjøtt. I dag er det nedsett toll på storfekjøtt fram til og med første veka i august.
– Vi veit at nokre aktørar faktisk importerer storfekjøtt. Det blir veldig, veldig feil når det er for mykje kjøtt og vi må fryse inn overskotet. Vi ber om at opning for import blir stengt snarast mogleg, seier Wold-Schätzer til Nationen.
I juni skrev direktør i Nortura Totalmarked dette om den spesielle situasjonen med nedsatt toll samtidig som det var overskudd av norsk kjøtt: Overdekning av storfekjøtt, mens tollen er nedsatt
Kilde: Nationen.no