Rundballpressing
Illustrasjonsfoto: F. Meyer

Jordbruksinntekta økte med 9 prosent i 2020

6. desember 2021

Jordbruksinntekta auka med ni prosent frå 2019 til 2020. Det vart auke for dei fleste husdyrproduksjonane, men nedgang for kornprodusentane. Også for frukt- og bærprodusentane gjekk jordbruksinntekt ned i 2020. Bondens økonomi i «koronaåret» 2020 blei i gjennomsnitt betre enn i 2019. Mindre «harryhandel» i Sverige, større forbruk av mjølk og låge straumprisar kan ha vore medverkande faktorar. Det er likevel store forskjellar mellom ulike driftsformer og landsdelar viser NIBIO sine tal frå driftsgranskingane 2020.

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO. Driftsgranskingane for 2020 omfattar rekneskapstal frå 924 bruk fordelte over heile landet. Jordbruksinntekta auka med kr 27 600 per årsverk frå 2019 til 2020, og vart kr 327 800. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet og på Jæren med høvesvis 412 800 og kr 359 000.

Produksjonsinntektene auka med 4 prosent. Husdyrinntektene, som utgjer 56 prosent av produksjonsinntektene, auka med 3 prosent. Til dømes auka inntektene frå sal av storfekjøt med 7 prosent og frå slaktegris med 15 prosent. Også inntektene frå planteproduksjon og tilskot auka frå 2019 til 2020 i gjennomsnitt for landet.

Kostnadene auka i gjennomsnitt med 3 prosent. Dei variable kostnadene auka med 4 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon mellom ulike kostnadspostar. Fôrkostnaden, som utgjer den største posten av dei variable kostnadene, auka med 2 prosent. Av dei faste kostnadene gjekk kostnader til elektrisk kraft og drivstoff ned med høvesvis 12 prosent og 28 prosent frå 2019 til 2020, medan avskrivingane auka med 5 prosent. I gjennomsnitt gjekk dei faste kostnadene opp med 0,5 prosent.

Arealet per bruk auka med 11 dekar, til i snitt 418 dekar. Produksjonsomfanget auka noko for mjølk, men for resten av husdyrhaldet var det små endringar frå 2019. Arbeidsinnsatsen var uendra med 1,6 årsverk per bruk.

Auke for mjølkeprodusentane

Jordbruksinntekta til mjølkeprodusentane auka med 4 prosent frå 2019, etter tre år med nedgang. I 2020 oppnådde dei ei jordbruksinntekt på kr 305 000. Mjølkeprodusentane fekk auka mjølkekvote i 2020, og sjølv om mjølkeprisen gjekk ned, bidrog auka produksjon saman med auke i prisane på storfekjøt, til at inntekta auka. Det var 305 bruk med mjølkeproduksjon med i granskinga for 2020.

Etter eit brukbart år for kornproduksjon i 2019 gjekk jordbruksinntekta ned igjen i 2020, og kornprodusentane fekk i gjennomsnitt for landet ei jordbruksinntekt på kr 227 200. Det var stor skilnad i jordbruksinntekt mellom kornbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Medan inntekta auka på Austlandet, vart det negativt resultat for kornbøndene i Trøndelag.

Av produksjonane det vert publisert tal for, var det svinehald i kombinasjon med korn som fekk høgast jordbruksinntekt i 2020 med kr 473 700 per årsverk. Det var ein auke på 28 prosent frå 2019. Bruka med sauehald fekk same jordbruksinntekt som i 2019, kr 163 900 per årsverk, og vart driftsforma med lågast jordbruksinntekt i 2020.

Kilde: Pressemelding fra NIBIO

Landbruk24 kommer med mer fra Driftsgranskingene etterhvert.