Korn
Illustrasjonsfoto

Fjorårets matkveiteavling dekker 70 prosent av forbruket.

15. mars 2022

En oppdatert prognose fra Felleskjøpet Agri viser at fjorårets avling av matkveite dekker 70 prosent av forbruket, mens fôrkornavlinga dekker 65 prosent av behovet for karbohydrater i kraftfôret.

Her er noen tabeller fra prognosen.

Matkorn

Etterspørselen etter sterk vårkveite (klasse 1 og 2) er redusert frå 50 % av tilgangen til 30 % og andelen svakare vårkveite (klasse 3) er auka tilsvarande.

Koronapandemien har styrka forbruket av kornråvarer både til matmjøl og til kraftfôr.

Prognosen for forbruk av matkorn er basert på forbruksstatistikk til og med januar 2022. I prognosen er trendutviklinga i dei fem siste sesongane lagt til grunn

Kraftfôr

Forbruksprognosane for fôrkorn baserer seg på registrert sal av kraftfôr til og med 4. kvartal i 2021. Vidare er produksjons- og salsprognosar for husdyrprodukt brukt opp mot trend for forbruk av kraftfôr pr. kg husdyrprodukt. I sin prognose 4. februar signaliserer Tine at tilpassing til reduserte mjølkekvotar vil skje hovudsakleg gjennom redusert yting. «Det er venta ein reduksjon i avdråtten framover på grunn av venta reduksjon i kraftfôrforbruk når produksjonen skal ned. Råvareprisane i kraftfôret er høge, og kraftfôret går for å vere dyrt». I prognosen er omsetninga av kraftfôr til drøvtyggarar difor korrigert med -2 % i forhold til  framskriving av trend.

Behovet for karbohydratråvarer blir prognosert med utganspunkt i prognosert omsetning av kraftfôr. I prognosen er lagt til grunn 72,1 % karbohydrat i kraftfôret basert på oppdatert statistikk pr. 4. kvartal i fjor og normal utvikling frå eit kvartal til neste.

Kilde: Felleskjøpet Agri