Felleskjøpet Agri har i dag anbefalt at det skal overlagres 39 000 tonn matkveite av klasse 1 (Mirakel). Det betyr at de redusere den anbefalte importkvoten med 10 000 tonn, sammenlignet med vanlig håndtering av overskudd. Markedregulatoren gikk tidligere ut og varslet at de ville presse matmjølbransjen til å bruke mer norsk matkveite.
Det er Landbruksdirektoratet som har den endelige avgjørelsen om størrelsen på importkvotene.
Felleskjøpet Agri skriver blant annet følgende i sin anbefaling:
Kornhandlarane har pr 6. april meldt inn at det i tillegg til overskottet av klasse 5, er 48 700 tonn klasse 1 som det ikkje er kjøpar for denne sesongen. Auka tilgang av sterk matkveite av klasse 1 og 2 har lenge vore etterlyst av matmjølmøllene og sterk kveite har vore dominerande årsak til behov for suppleringsimport av matkorn.
Matmjølmøllene har ikkje klart å auke forbruket av Mirakel (klasse 1) i takt med tilgangen. Møllene forklarar overskottet av sterk kveite først og fremst med
-generelt sterk kveite i sesongen,
-stor tilgang av norsk matkveite generelt,
-stor tilgang av klasse 1 spesielt,
-tilgang av norsk matkveite med svak glutenkvalitet var mindre enn behovet,
-vriding av forbruket frå mjølblandingar med klasse 1 over til kvalitetar med mindre sterk bakekvalitet – frå bakeriindustri og storhushaldning og over til detaljhandel – på grunn av koronapandemien
Møllene legg vidare sterk vekt på at bakeriindustrien ikkje skal merke kvalitetsendringar mellom sesongar. Dette er eit strengt krav til råvara som gjer det krevjande å tilpasse forbruket til variasjonar i tilgangen.
Korrigert for effekten av pandemien, vurderer marknadsregulator at overskottet ville ha vore redusert til om lag 40 000 tonn.
Den samla utforminga av landbrukspolitiske verkemiddel, inklusive tollvernet, har som formål å legge til rette for bruk av norsk korn i samsvar med kvaliteten på råvarene.
Marknadsregulator si vurdering er at det i den førre og den inneverande sesongen kunne vore mogleg for bakeriindustrien å auke bruken av sterk norsk matkveite i tråd med den auka tilgangen. Mølle- og bakeriindustrien må utvikle verdikjeda til å ta i bruk tilgangen av sterk norsk matkveite, slik at behovet for import av sterke kvalitetar blir redusert.
Norskprodusert matmjøl må i større grad kunne reflektere samansetting og kvalitet i den enkelte sesongen, slik at forbruket av norsk matkorn blir høgast mogleg. Bakeriindustrien må kunne handtere at ei råvare som korn vil variere mellom sesongar og eventuelt også gjennom sesong.
Marknadsregulator ser at det kan vere for kort tid igjen av forbrukssesongen til å auke forbruket med sikte på å omsette heile det innmelde overskottet. I inneverande sesong blir det foreslått ei forsiktig innskjerping av tilgangen til suppleringsimport med administrert toll. Importkvoten i mai blir redusert med 10 000 tonn i forhold til om marknadsreguleringa handterte heile det innmelde overskottet. Resten, 38 700 tonn, vil bli overlagra og inngå i tilgangen av norsk korn i neste sesong. Møller og bakeindustri må i løpet av sesongen 2021/2022 finne tilpassingar som gjer det mogleg å bruke tilgangen av norsk sterk matkveite.
Kilde: Felleskjøpet Agri.