– Anders Felde har gjennom vervet som fylkesleiar i Sogn og Fjordane vore ei tydeleg røyst på vegne av ulike produksjonar og bruksstorleikar, held Humlestøl fram.  Han har stor kunnskap om dei landbrukspolitiske samanhengane, og eit pågangsmot som vil kome godt med i viktig arbeid som leiar i Vestland Bondelag.    -Vi har hatt eit godt samarbeid og ein god dialog i valnemnda, seier Humlestøl vidare.   Vi meiner at vi har klart å setje saman eit fylkesstyre som vil gjere eit godt arbeid på vestlandsbonden sine vegne.

Peder Nernæs innstilt som nestleiar

Noverande leiar i Hordaland Bondelag Peder Nernæs har takka ja til å ta på seg det viktige vervet som nestleiar i Vestland Bondelag.  Peder driv med mjølke- og kjøtproduksjon og har sagbruk på Mundheim i Kvam Herad i Hardanger. Nestleiarvervet vil vere eit viktig verv, når fylkesstyret skal skape aktivitet og få fokus på landbruk i eit geografisk svært stort område, held Kjell Humlestøl fram.

Valnemnda innstiller på følgjande styremedlemer i styret for Vestland Bondelag

  • Kari Sigrun Lysne, Lærdal
  • Marianne Nordhus, Kvinnherad
  • Ole Bjarne Hovland, Årdal
  • Knut B. Hauso, Ullensvang
  • Gry Ingvild Agjeld, Stryn
  • Linda Kristin Oppedal, Sunnfjord
  • Lars Bø, Voss

Som vara til styret innstiller valnemnda :

  • 1. vara: Olav Myhr, Alver
  • 2. vara: Nils Magne Gjengedal, Gloppen
  • 3. vara: Kjersti Hjelmeland, Kvinnherad / Jørund Kvestad, Ullensvang

 

Kilde: Pressemelding fra Sogn og Fjordane Bondelag