I tilbodet frå staten i årets jordbruksforhandlingar blir det lagt opp til å utbetale kompensasjon for auka kostnader i næringa allereie i år. I samsvar med dette gjer regjeringa i revidert nasjonalbudsjett derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 1,8 milliardar kroner.
– Regjeringa meiner dette er nødvendig for å styrke norsk matproduksjon og sjølvforsyning i ein situasjon med sterk kostnadsvekst, og der det er usikkert korleis marknadene for mat og energi vil utvikle seg, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Kompensasjon til pelseri og fôrkjøkken i pelsdyrnæringa
Stortinget vedtok i 2019 forbod mot å halde pelsdyr i Noreg. Det er tidlegare vedteke og etablert erstatningsordningar for dei som dreiv med pelsdyroppdrett. I revidert nasjonalbudsjett blir det gjort framlegg om å opne for at også økonomisk kompensasjon til pelseri og fôrkjøkken kan bli gitt over løyvinga til tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald.
Beredskap mot radioaktivitet
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,4 millionar kroner til innkjøp av saltslikkesteinar som blir brukt for å motverke eventuell radioaktivitet i dyr som går på beite. For høge verdiar av radioaktivitet gjer at dyra ikkje kan nyttast til mat.
Bionova utsatt til 2023
Det er eit omfattande arbeid i gang med å greie ut organisering og innretning av Bionova. Saka har vore ute på høyring, og det har vore eit stort engasjement med mange ulike innspel som har blitt vurdert.
I Landbruks- og matdepartementets budsjett for 2022 er det sett av 30 millionar kroner til etablering av Bionova. Det ligg nå ikkje an til at ordninga vil vere ferdig etablert i 2022, slik det først var forutsett. Det vil derfor ikkje bli etableringskostnader før i 2023.
– Bionova skal medverke til å utvikle bioøkonomien knytt til jordbruk, skogbruk og havbruk. Bionova skal mellom anna vere eit verktøy for å nå måla i klimaavtalen med jordbruket, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Forsking
For å ha trygg økonomisk styring i ein krevjande situasjon er det behov for å stramme inn på pengebruken. Det blir derfor gjort framlegg om å nedjustere løyvinga til landbruks- og matforsking i regi av Norges forskningsråd med 10 millionar kroner
Kilde: Landbruks- og matdepartementet