Foto: Felleskjøpet Agri
Foto: Felleskjøpet Agri

Tørkeråd fra Felleskjøpet Agri

14. juni 2023

Mangel på nedbør engasjerer og frustrerer. Mange bønder spør seg kor lenga tørka skal vare, kva blir følgjene, og kan du bidra om du ikkje er ramma? Her er konkrete råd frå toppsjefen i Felleskjøpet Agri.

Mange bønder er ramma av mangel på nedbør. Vatningsanlegg går for fullt der det er mogleg. Andre stader er det så vidt spiring. Konsernsjef Svenn Ivar Fure i Felleskjøpet Agri har samanfatta erfaringane bondesamvirket sit att med etter tørkeåret i 2018. Her er åtte konkrete råd – med Felleskjøpet-sjefen sine eigne ord:

Akkurat no er det tørke i heile Sør-Norge, medan varmen endeleg har kome for mange av dei nord for Dovre. I vest har det vore gode grovfôravlingar dei fleste stadar, men det er no tørt før andre- og tredjeslåtten.

Kornåret 2023 vil bli eit år godt under middels i sør, medan i Trøndelag vil vêret den næraste tida avgjere mykje. Dei som treng grovfôr i aust og sør ser avlingar på 30-50% av normalen, og tørka set andre- og tredjeslåtten i fare.

Oppsummert er situasjonen lik eller verre enn 2018 i sør og aust, mens den er vesentleg betre i vest og midt. I nord treng dei varme og opplett vêr.

Vi ønskjer å bygge vidare på erfaringane vi har frå 2018, og tiltak som hadde best effekt. I 2018 ramma tørka heile Sør-Norge, noko som førte til eit initiativ for å importere rundballar frå Island. Det ser vi ikkje som nødvendig i år. Det viktige er etter vår meining:

-Bonden brukar rådgjevarane i Felleskjøpet Agri, TINE og Norsk Landbruksrådgivning (NLR). Dei er dyktige og har relevante erfaringar frå 2018.

-Det er spesielt viktig å kome i gong med tilpassa fôring raskt, slik at ein kan bruke det grovfôret ein har best mogleg. Dersom ein har eit minimum av grovfôr vil det i mange tilfelle vere mest økonomisk gunstig å spe på med grovfôrerstatning.

-Dei bøndene på Vestlandet og nordover som får gode grasavlingar bør satse på å maksimere andre- og tredjeslåtten for å kunne selje fôr til dei som treng det på Austlandet. Dei i aust og sør bør legge ut førespurnader på Finn.no om kjøp av grovfôr slik at dei som har gras å selje kan få kontraktar på det alt no. Det vil redusere risikoen for dei som kanskje alt no ser dei har det fôret dei treng, og har moglegheita til å produsere meir grovfôr for sal. Det er viktig at kjøparar og seljarar finn kvarandre alt no, slik at ein unngår over- eller underproduksjon opp mot behovet.

-Dei av kornbøndene som er ramma av tørke bør vurdere å rundballe det av kornet som ikkje vil gje avling til fôr. Eventuelt så raigras eller grøntfôr på kornareal med misvekst, eller som blir høsta til fôr, for å sørge for at noko kan vekse fram. Dette er sjølvsagt avhengig av at det kjem regn.

-Bonden bør ta vare på halmen og ensilere denne slik at den kan seljast som fôr til dei som treng grovfôr. Her må og bøndene som manglar grovfôr vere aktive i å sikre seg varer med minimum transportkostnad, altså i nærområda sine. Dei som planlegg å kjøpe/selje halm, eller korn hausta som grøntfôr, må sikre at det ikkje er brukt plantevernmidlar som gjer vara ueigna som fôr.

-Dei som har moglegheita til det bør vurdere, etter å ha meldt inn for avlingsskade, å så til med haustsådde vekstar for å utnytte vekstsesongen fram til vinteren. Dette er også sjølvsagt avhengig av at det kjem regn.

-Der forholda ligg til rette for det, er det viktig å utnytte utmarksbeita optimalt, gjerne med eit innslag av tilskotsfôring.

-Vi kjem til å setje opp vår kapasitet for grovfôrerstatning via spesielle kraftfôrtypar med høgt fibernivå. Dette var svært vellukka i 2018. Vi har godt med råvarer og vil hente inn meir av dette. Dette vil gjere det mogleg, for dei som har eit minimum av grovfôr, å drifte vidare utan å redusere buskapen/mjølkeproduksjonen, og dermed sikre sine økonomiske resultat. Så lenge ein har et minimumsnivå av grovfôr tilgjengeleg, vil dei kraftfôrtypane som er tilpassa ein situasjon med lite grovfôr (som for eksempel Formel Fiber Grovfôrmangel) vere ei meir lønsam løysning enn å kjøpe grovfôr til høge kostnadar, for eksempel på grunn av høge fraktkostnader.

Vi jobbar med ulike tiltak for å støtte bonden i denne krevjande tida. Dette inkluderer å koordinere med TINE og NLR, rådgje på berging av avlinga, samt strategiar for å redusere nedsida, sikre tilgang til rett ensileringsmiddel, stille reiskap til disposisjon med meir.

Konkrete råd

Korn der det er tørt

-Ikke utsett frøugrassprøytinga. Tynne åkre har elendig konkurransekraft. Det siste en ønsker seg er at ugraset tar overhånd. Husk klebemiddel og legg deg i øvre doseintervall fordi plantene har et tykt vokslag når det er tørt. Særlig meldestokk er vanskelig å ta livet av når det er tørt.

-Har du planlagt delgjødsling i vårkornet? Gjennomfør det, men reduser mengden.

-Felleskjøpet har biostimulanter som reduserer stressnivået til plantene, og som kan være veldig aktuelle i tørkestresset vårkorn med bra spiring/etablering. Bladgjødslingspreparater som inneholder både biostimulanter og bladgjødsel er også aktuelle. Snakk med våre fagfolk.

-I høstkorn som ikke er vannet, er skaden tørken har forårsaket uopprettelig. Det eneste en kan håpe på her er at regn kan hindre at det går fra vondt til verre.

Korn der det er vått

-Ugrassprøyting i vårkorn straks det er kjørbart

-Bygg som gulner pga oksygenmangel vet vi fra mange forsøk responderer på 2-3 kg N/daa i form av kalksalpeter. Avlingsutslaget er størst ved tidlig behandling.

-Er det planlagt delt gjødsling, og du har Opti-NS på lager, så bruk det.

Grovfôr der det er tørt

-Slå graset mens det fortsatt har god kvalitet. Høye temperaturer og vind gir rask/sterk fortørking. Det gir økt tap på jordet og er særlig uheldig slik situasjonen er nå.

-Spre mineralgjødsel raskt etter slått. Fordamping av nitrogen fra mineralgjødsel er tilnærmet null. Forsøk i tørkeåret 2018 viste overraskende sterk avlingsrespons ved gjødsling til 2. og 3. slått selv om det ikke kom nevneverdig nedbør.

-Vent med å spre husdyrgjødsel til værskifte

-Enga har stor evne til å kompensere en svak førsteslått med gode avlinger i senere slåtter når vekstvilkårene bedres. Vi er ikke halvveis i vekstsesongen enda.

-På gårder med både storfe og korn, kan en fortløpende vurdere om noe korn skal høstes som grønnfôr. Men det må vurderes om noen uker når en vet mer om hvordan været har utviklet seg.

-Innsåing av raigras i stående korn kan være aktuelt om det utvikler seg til å bli ei forkrise.

Det er viktig at man bruker sine rådgivere, og vurderer grovfôrsituasjonen nøye. De som har for lite grovfôr må vurdere om det kan løses med fiberrike Formel-typer, eller om det er nødvendig å kjøpe inn grovfôr. I så fall er det viktig å knytte kontakt med mulige selgere mens det er noe å få kjøpt.

Grovfôr der det er vått

-Tenk kvalitet/rett utviklingsstadium. Planlegg gjerne å slå helt i forkant av det som vurderes som optimalt. Da tåles det best noen dagers forsinkelse i påvente av høstevær. Bruk nok ensileringsmiddel slik at du taper minst mulig energi og protein i gjæringsprosessen.

-Gjødsle på nytt straks du er ferdig med å høste

Kilde: Pressemelding fra Felleskjøpet Agri