Det ble levert 135,9 millionar liter kumjølk i januar 2021. Dette er 3,2 prosent mer enn i 2020, men 1,1 mill. liter mindre enn prognosen fra desember. I en fersk prognose nedjusterer TINE forventet melkeproduksjon med 5 millioner liter til 1 530 mill.liter.
Leveranser i januar 2021.
Prognose pr. februar 2021.
TINE skriver blant annet følgende i den siste prognosen:
Prognosa for 2021 er på 1 530 mill. liter mjølk med eit forholdstal på 1,07. Dette vil gje ei kvotefylling på 90,4 %. Dette er ein reduksjon på 5 mill. liter i forhold til masterprognosa frå desember. Hovudårsaka til reduksjonen er meir slakting i november og desember og dermed færre mjølkekyr enn forutsett i desember. Overgangen til nytt kvoteår vart difor for høgt og er justert ned første månadene av året. Med eit avvik på +/- 1 % for resterande månader vil forventa leveranse ligge mellom 1 516- og 1 544 mill. liter.
Føresetnad for prognosa i 2021:
-Forholdstal på 1,07
-Lågare dyretal per 1. mars enn førre prognose (2 000 færre dyr)
-Nivået i starten på året er styrande for vinteren med venta stabil fôring og god fôrsituasjon.
-Det er forutsett høg avdrått gjennom vinteren 2021 med 0,5-1 % auke fram til sommaren, men at
denne vil gå noko ned hausten 2021 (0,5 % auke på hausten)
-Tal slakt om lag som i 2020. Det er venta at kyr vert haldne tilbake frå slakt så lenge det går, og at
dette er viktigaste tiltaket for auka produksjon.
-Auke i tal mjølkekyr. Det er per 1. okt. registrert 400 fleire insemineringar enn på same tid i fjor.
Fleire insemineringar framover vil ha liten effekt i 2021. Tal kalvingar er forutsett vil auke med 0,6 %,
og tal mjølkekyr med 1,7 % (ca. 3 620 kyr) i snitt.
-Det er venta at fokuset på sommarmjølk vil fortsetje.
-Det er tatt omsyn til venta fleire kalvingar på våren basert på insemineringstal i juni til september for
å legge om til meir sommarmjølk.
-Fôrsituasjonen siste halvår er forutsett normalt med omsyn til grovfôrmengde og -kvalitet
-Signal om forholdstal i 2022 vil kunne påverke tilpassinga i 2021, særleg siste halvår. Det er forutsett
at det tidleg i 2021 vert gitt signal om positive utsikter for forholdstalet i 2022.
-Det er særleg stor usikkerheit knytt til 2. halvår sidan ein ikkje veit noko om fôrgrunnlaget eller
tilpassing inn mot 2022. I tillegg er største usikkerheita om ein greier auken i dyretalet som det er
lagt opp til. Fokus på kjøp/sal dyr er forutsett framover.
Kilde: Prognose fra Tine