Sauer på beite
Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Stort underskudd på lam i neste uke

27. august 2020

Nortura melder om at det blir underskudd på lam i neste uke. Det er innmeldt 32 000 lam i uke 36 og det er 15 000 mindre enn i samme uke i fjor.

– Dette er eit mykje større avvik enn vi hadde rekna med da vi laga tilførselsprognoser. Vi har nok underestimert verknaden av sein vår, seint beiteslepp og kanskje difor også seinare sanking, skriver fagsjef for sau i Nortura, Finn Avdem

Kan du levere meir, ta kontakt!
Veke 36 kjem jo også to dagar tidlegare på kalenderen i år enn i 2019. Det er difor viktig at vi får alt som er meldt inn. Har nokon mogelegheit til å levere fleire lam enn innmeldt, så ta kontakt, så ser vi om det er mogeleg å få det inn. Eit unnatak her er Forus der ein reknar med å slakte overtid også neste veke.

Vi får håpe at vi greier å ta igjen noko av etterslepet i veke 37 som også er ei kritisk veke for å lykkast med eit godt sal i den viktige haustsesongen for sal av lam.  Vi kryssar fingrane for godt sankevær og fine dagar med sanking av slaktemogne lam til Nortura, avslutter Avdem.

Ved utgangen av uke 34 lå det 540 tonn lammekjøtt på reguleringslager, så det er rikelig med fryst kjøtt tilgjengelig.

Kilde: Nortura Medlem