Rogaland Bondelag har sendt ut ei pressemelding der de krever at bønder som har fått trekk i tilskudd for brudd på dyrevelferdsregelverket, får sakene sine vurdert på nytt
Rogaland Bondelag gav allereie i fjor beskjed til Fylkesmannen i Rogaland om at det ikkje var haldbart med trekk i produksjonstilskot, berre basert på vurderingar frå Mattilsynet.
Willy Finnbakk reiser ei viktig problemstilling i dagens Nationen og krev ein ny gjennomgang av alle kutt i tilskot basert på vurderingane til Mattilsynet.
Dette er ei problemstilling som Rogaland Bondelag har jobba med i lengre tid. Allereie i mai 2018 hadde Rogaland Bondelag møte med Fylkesmannen i Rogaland, der me uttrykte vår bekymring for bøndene sin rettstryggleik. Me meiner det er feil praksis at ein kun legg Mattilsynet sin rapport til grunn ved trekk i produksjonstilskot. Landbruksforvaltninga må sjølv innhente informasjon og gjere ei sjølvstendig vurdering.
I lys av dei siste hendingane og rapportane om Mattilsynet vil Rogaland Bondelag foreslå følgjande tiltak:
-Mattilsynet må gå gjennom rapportane sine på nytt slik at Fylkesmannen kan få tatt sakene opp til ny vurdering
-Reglane for gjennomgang og praksis med tanke på trekk i produksjonstilskot etter brot på dyrevelferdsreglane må reviderast og endrast.
-Landbruksforvaltninga må innhente informasjon frå fleire enn Mattilsynet og skal gjere ei sjølvstendig vurdering av skuldspørsmålet før ein gjer avkorting i produksjonstilskotet.
-Bondens rettstryggleik skal ivaretas og Forvaltningslova skal følgast. Det bør vurderast om Riksrevisjonen bør gjennomgå tidligare saker
Dette er svært alvorlege saker for dei bøndene som har fått avkorting i tilskotet. Me treng at bonden likebehandles for feil og manglar. Me treng samstundes eit velfungerande Mattilsyn som er med å driv fram norsk landbruk. For å få dette til må ein kunne setje strek over tidlegare feil og manglar. Det trur Rogaland Bondelag fyrst kan skje når ein har fjerna usikkerheitene rundt behandlinga av tidlegare saker.
Kilde: Pressemelding fra Rogaland Bondelag