Sveinung Rotevatn
Foto: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa satser på Landbrukets klimaplan

8. januar 2021

Regjeringa la i dag fram sin klimaplan for 2021-2030. Der går det fram at det er landbrukets intensjonsavtale med regjeringa som legges til grunn for redusert utslipp og økt opptak av klimagasser i landbruket

Her er hovedpunktene som omhandler jordbruk.

Regjeringa vil:

-Leggje til grunn intensjonsavtalen mellom organisasjonane i jordbruket og regjeringa for klimaarbeidet i jordbruket framover

-At vurdering av tiltak og verkemiddel for å følgje opp klimaarbeidet i jordbruket inngår som ein naturleg del av dei årlege jordbruksforhandlingane

-At klimaeffekten av jordbruksoppgjeret blir gjort synleg i dei årlege proposisjonane som omhandlar jordbruksavtalen

-Saman med organisasjonane i landbruket arbeide med korleis verkemidla i jordbrukspolitikken i Noreg best kan innrettast for å vareta og balansere omsyna til dei landbrukspolitiske måla med klima- og miljømål

-Intensivere arbeidet med å betre utsleppsrekneskapen for jordbruket

-Greie ut effektar og konsekvensar av ei avgift på mineralgjødsel og korleis ein slik avgift eventuelt kan innførast. Formålet med ei eventuell avgift skal vere å redusere utslepp av lystgass

-Leggje til rette for auka bruk av norske fôrressursar, irekna utmarksbeite

Regjeringa og jordbruksorganisasjonane har ein intensjonsavtale om utsleppskutt og auka opptak som samla skal utgjere 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar over perioden. Avtalen omfattar klimatiltak som kan godskrivast all jordbruksaktivitet innanfor sektorane jordbruk, transport, oppvarming av bygg og arealbrukssektoren (unnateke skog) i den offisielle klimagassrekneskapen. Da avtalen i tillegg krediterer reduksjonar i utslepp som blir gjorde i andre sektorar enn jordbruket, legg regjeringa til grunn ein reduksjon bokført i jordbrukssektoren på 4 millionar CO2-ekvivalentar over perioden.

Klimaplanen bygger videre på den avtalen jordbruket allerede har inngått med myndighetene, opplyser Landbruks- og matdepartementet i en pressemelding.

Klimaavtalen for jordbruket ble inngått i juni 2019.

I avtalen forplikter partene seg til å arbeide for utslippskutt og økt opptak av CO2 tilsvarende 5 millioner tonn for perioden 2021–2030. I den nye klimaplanen som ble lagt fram fredag, er det fortsatt dette målet som gjelder.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er bærebjelken i det videre klimaarbeidet i landbruket, sier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Skogbruk

For å auke opptaket i skogen vil regjeringa:

-føre vidare og vurdere å styrkje eksisterande klimatiltak i skog for å auke opptaket. Regjeringa vil leggje vekt på tiltak som har positiv effekt for klimaet og positiv eller akseptabel effekt for miljøet.

-vurdere nye klimatiltak i forvalta skog som har høgt potensial for auka opptak og er enkle å implementere. Dette gjeld spesifikt styrka ungskogpleie, stubbebehandling mot rotròte og val av riktig treslag etter hogst.

-innføre krav til minstealder for hogst i skogbrukslov med tilhøyrande berekraftforskrift, i tråd med dagens krav i PEFC Skogstandard

-leggje til rette for skogplanting på nye areal som klimatiltak med klare miljøkriterium

Saken oppdateres