Rundballer
Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Øystre Slidre kommune gir frakttilskudd til rundballer

24. september 2018

Øystre Slidre kommune har vedtatt å gi støtte til frakt av rundballer. Husdyrbøndene i kommunen kan søke om inntil 200 kroner pr. rundball i transportstøtte. Det er et botnfradrag på 100 kroner pr rundball. Det var faglaga i kommunen som hadde sendt søknad om transportstøtte. Det skriver Valdres.

Rådmann i Øystre Slidre Øyvind Langseth har lagt ut denne meldingen på sin Facebook profil.
Pressemelding:
Øystre Slidre kommune løyver kr 600 000 til transportstøtte for grovfôr
Med bakgrunn i den utfordrande fôrsituasjonen etter turken i sommar vedtok kommunestyret i Øystre Slidre i går å løyve 600 000 kr i transportstøtte til kjøp av grovfor. Grunngjevinga for dette er slik kommunen ser det, mellom anna, at ordninga for støtte ved avlingssvikt treff dårleg for føretak som normalt tek høge avlingar, og som har basert drifta på eit høgt avlingsnivå. Ordninga premierer heller ikkje innsats i vekstsesongen (vatning, gjødsling osv) som har vore viktig for å unngå ei større krise. Øystre Slidre har eit stort husdyrhald. Det er viktig at ikkje produksjonen får ein knekk, med at det blir slakta viktige avlsdyr eller at nokon gir seg pga. fôrsituasjonen. Det kan gje langvarige skadar for produksjonsomfanget i kommunen.

Ut frå sjablongverdiane omrekna til normal-rundballar vil eigenandelen på 30% av grovfôravlinga i Øystre Slidre utgjera om lag 16000 ballar i eit normalår. Ein ser ikkje at dette kan hentast utan at foret må fraktast over lange avstandar, og kommunen har derfor valt å løyve inntil kr 200 i transporstøtte pr rundball avgrensa til kr 600 000,-. Det er utarbeidd eit eige regelsett for dei som vil søke, der ordninga er målretta til føretak med husdyr i kommunen, som mellom anna vil sikre at transportstøtten kjem det siste leddet i ei eventuell aktørkjede til gode.