Foto: Felleskjøpet Agri.
Foto: Felleskjøpet Agri.

Ny prognose viser større kornavling

13. september 2022

En oppdatert prognose fra Felleskjøpet Agri viser at den norske kornavlinga blir større enn antatt i august. Stor avling av matkorn gjør at de anbefaler å omdisponere ca 30 000 tonn høstkveite til fôr.

Bortsett fra i Trøndelag meldes det om litt større avlinger enn ventet

Her er utdrag fra den ferske prognosen;

Prognosen tilseier ein tilgang av korn og oljevekstar som er  54 000 tonn høgare enn prognosert i august, og 14 % høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra.

Prognosen er basert på at totalt kornareal er uendra frå i fjor og vurderingar av Norsk landbruksrådgiving av avling pr dekar. Prognosen er lågare enn inntrykket av innhaustinga så langt. Ny prognose vil bli gitt i november basert på registrert innkjøp av korn.

Omdisponering av høstkveite til fôr

I prognosen av 16. august vart marknadsbalansen for matkorn prognosert som grunnlag for tilråding om suppleringsimport. Denne prognosen gir grunnlag for å iverksette første runde med omdisponering av matkorn, for å medverke til rasjonell handtering av den store kornavlinga. Omdisponering av norsk matkorn vil også redusere importbehovet for korn til kraftfôr. Utsiktene til stor andel haustkorn også neste år er p.t. gode, så behovet for å ta vare på haustkveite til bruk i sesongen 2023/2024 vert vurdert som lite.

Basert på ein norskandel i kveitemjøl på 80 % indikerer prognosen at det for sesongen samla kan vere aktuelt å omdisponere om lag  31 000 tonn haustkveite til fôr og overlagre om lag  40 000 tonn vårkveite til neste sesong.

Høgt proteininnhold

Klassefordelinga av matkveiten er betre enn i fjor. Tidlege tal basert på motteke korn tyder på høgt proteininnhald, særleg for vårkorn. Også haustkornet har høgt proteininnhald, truleg i overkant av 12,5 %. Eit lågare proteininnhald i haustkornet ville gitt grunnlag for større bruk av norsk matkveite/Dette kan medverke til å auke behovet for å importere korn med lågare proteininnhald for å kunne produsere matmjøl av god kvalitet.

Les hele prognosen her

Kilde: Felleskjøpet Agri