Foto: Bo Mathisen
Foto: Bo Mathisen

Ny prognose: Økt melkeproduksjon i år

8. mai 2020

Den siste prognosen for melkeproduksjon som ble lagt fram i dag tyder på at mekeprodusentene vil utnytte muligheten til å produsere mer melk enn det som opprinnelig var planlagt i år. Som kjent ble forholdstallet for melkekvoter økt med 5 prosent til 1,01  tidligere i vår. Den siste prognosen tyder på at det vil bli produsert 1 496 millioner liter i 2020 15 millioner liter ( 1%) mer enn i 2019.

Stor usikkerhet

I kommentarene til prognosen skriver TINE blant annet:

Fôrsituasjonen er god, og det er difor venta at produksjonen vil auke umiddelbart. Det er venta at tilpassinga først og fremst vil skje gjennom redusert slakting og auka avdrått sidan dyretalet blei tatt mykje ned i 2019. Det vil vere stor usikkerheit rundt dyretalet og om produsentane greier den auken det er lagt opp til med dyretalet som er no.

Det er størst usikkerheit knytta til sommarmånadene då det er lagt opp til høg produksjon. Det er venta at eit av tiltaka for å auke leveransen om sommaren vil komme frå produsentar med haustkalving, og som vanlegvis har hatt korte laktasjonar, vil auke leveringstida med 3-4 veker.

Det ekstraordinære kvotesalget i 2020 med oppkjøp av kvoter til staten på 40 mill. liter hadde frist  31.mars. Det har vore stor interesse for dette. Landbruksdirektoratet har ferdigbehandla 308 søknader. Det står framleis att ca. 150. Det vert rekna med at volum som vert kjøpt opp er i overkant
av 40 mill. liter. Landbruksdirektoratet forventar at dei vil vere ferdige med søknadshandteringa i slutten av mai. Det er vanskeleg å vite effekten av dette; t.d. kor tid aktive produsentar kjem til å slutte, og kva effekt sal av innleigde kvoter vil få for aktive produsentar som står igjen med lågare
kvoter i 2021.

Fôrsituasjonen hausten 2020 veit vi forebels ingenting om. Det er varsla at vi må forvente meir ekstremêr framover, og då særleg meir nedbør. Dette kan påverke produksjonen negativt.

Korleis koronasituasjonen vil påverke fôrsituasjonen framover er usikkert, men foreløpig er det god tilgang på importerte råvarer. Sidan kronekursen er låg påverkar dette prisen på råvarer, og kraftfôrprisen har difor gått opp den siste tida.

Med lågt dyretal og lite dyr på marknaden er det venta endå høgare avdrått. Det set stort krav til fôrrasjonen med høgt energiinnhald (kraftfôr) og vom-stimulerande råvarer dersom kraftfôrmengdene blir høge.

Stort fokus på utnytting av norske fôrressursar. Dette kan redusere avdråtten og krevje høgare dyretal for å oppretthalde produksjonen. Det er likevel lite truleg dette vil slå ut i 2020, og dei fleste vil prøve å fylle kvota.

 

5,2 prosent mindre så langt i år.

Ved utgangen av april er det produsert nesten 519 millioner liter melk, 29 millioner (5,2%) mindre enn i 2019. Det tredje største melkefylket Rogaland har størst nedgang med 8,8 prosent.

Her er en oversikt over leveransene i april (første tre kolonner) og så langt i år. (Alle tall i 1000 liter)

Kilde: TINE