Kyr på beite
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Mange ulykker ved handtering av store dyr

15. april 2018

Mange av ulykkene i landbruket skjer når bøndene arbeider åleine med store dyr. Ved å endra på rutinane kunne mange ulykker vore unngått, meiner landbruksrådgjevar.
– Utfordringa for mange bønder er jo nettopp at dei arbeider åleine på garden. Då er det ikkje så enkelt å følgja tryggingsråda om å vera fleire om å flytta dyr, seier rådgjevar Aksel Fiskaa i Landbruksforsikring i ei pressemelding.

I ei undersøking Agri analyse har gjort for Landbruksforsikring, svarar ein tredel av dei spurde at dei som regel alltid flyttar dyr åleine. 36 prosent svarar at det skjer nokre gonger.

Fiskaa oppmodar likevel bøndene til å finna andre løysingar ved til dømes å flytta dyra på tidspunkt då familiemedlemmer eller andre kan hjelpa til.

Undersøkinga viser også at det varierer mykje korleis bøndene brukar fysiske skilje når dei skal flytta dyr. Knapt fire av ti svarar at dei alltid eller som regel er påpasselege med dette, mens 26 svarar at dei passar på å sikra seg slik nokre gonger.

Fiskaa peikar likevel at det er stor skilnad på nye og gamle fjøs, og at dyr i moderne fjøs gjerne går saman i ulike avdelingar etter alder og storleik. Dermed blir det også lettare og mindre risikofylt for bonden å flytta dyra.

Seniorrådgjevar i Bondelaget Inger Johanne Sikkeland oppmodar bøndene til å bli meir medvitne om handteringa av dyr, kartleggja farlege situasjonar og gjera tiltak for å unngå ulykker.

Ho minner også om at Norsk Landsbruksrådgivning har eigne fagfolk som tilbyr kurs og rettleiing om temaet.