Foto: Torstein Bøe / NTB
Foto: Torstein Bøe / NTB

Landbruket i Hurdalsplattformen

13. oktober 2021

Her er utdrag av det som står om landbruk i Hurdalsplattformen

Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske ressurser. Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og slik bidra til arbeid, god ernæring og helse. For å sikre landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Dette skal blant anna skje gjennom eit sterkt importvern, årlege jordbruksforhandlingar og å bevare landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.

Klimagassutsleppa frå landbruket skal reduserast og opptaket av karbon aukast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra og vanskelegare klima. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa Noreg sine naturressursar og geografi, gir dei beste moglegheitene til å
produsere mat på ein berekraftig og klimavennleg måte. Det er òg viktig for å sikre god dyrevelferd, auka mattryggleik og betre beredskap. 

Regjeringa vil:

– Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt talgrunnlag.

– Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga. Arbeidet som er sett i gang for å greie ut dette, skal vidareførast.

– Senke kvotetaka for mjølkeproduksjonen for kumjølk ned mot 500 000 liter. Dei som har tilpassa seg dagens høge nivå, kan behalde kvotene eller selje overskytande kvoter attende til staten til avtalt pris.

– Vurdere tiltak for å redusere kvotekostnadar og redusere delen leigekvoter.

– Innføre tak på tilskot i all produksjon.

– Sørgje for betre berekraft i landbruket gjennom auka bruk av utmarksbeite, setring, klimatilpassing, investering i jord og etablering av eit nasjonalt senter for fjellandbruk.

– Stimulere til auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat.

– Gjennomgå erstatningsordningane for avlingsskadar.

– Styrke investeringsverkemidla i jordbruket med midlar utanfor jordbruksavtalen. Dette skal skje gjennom ei investeringsordning som blant anna skal målrettast mot små og mellomstore mjølkebruk, for å følgje opp lausdriftskravet. Ordninga skal startast allereie i statsbudsjettet for 2022.

– Leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan for trygg matproduksjon på norske ressursar og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent.

– Vidareutvikle velferdsordningane for jordbruket og leggje fram ein eigen plan om dette.

– Sikre importvernet for norsk jordbruk, blant anna gjennom val mellom prosent- og kronetoll, og sørgje for at importvernet ikkje blir svekka, når ein inngår nye handelsavtaler.

– Greie ut nye og sterkare verkemiddel for marknadsregulering.

– Bevare prisutjamningsordninga for mjølk, men gradvis fase ut dei konkurransepolitiske verkemidla frå ordninga.

– Styrke landbruksforskninga.

– Gjennomgå og betre landbruksutdanningane på alle nivå.

– Lage ein plan for anstendige løns- og arbeidsvilkår for tilsette i jordbruket og grøntsektoren saman med faglaga og partane i arbeidslivet, med mål om å gjere næringa meir attraktiv for norske arbeidstakarar.

– Etablere beredskapslagring for korn.

– Redusere matsvinnet, blant anna ved å utarbeide ein matkastelov.

– Gjennomgå rammevilkåra for hestesporten.

– Sluttføre erstatningsoppgjeret for pelsdyrnæringa.

Næringsmiddelindustrien, landbrukssamvirket og daglegvaremarknaden

-Sikre samvirkets rolle som marknadsregulator, grunnlag for ein desentralisert næringsmiddelindustri og avtakar av norske råvarer frå heile landet.

-Sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat gjennom betre tilsyn, større openheit og meir rettferdig fordeling av verdiane i heile kjeda.

-Leggje fram ei stortingsmelding om marknadsmakt i verdikjeda for mat.

-Gjennomgå rammevilkåra for næringsmiddelindustrien for å sikre vidare utvikling av næringa i Noreg.

-Innføre strengare krav til merking av matvarer både når det gjeld opphavsland og produksjonsmetodar, for eksempel bruk av antibiotika.

-Auke bruken av norsk mat i offentlege verksemder.

Eigedomspolitikk og vern av matjord

– Oppretthalde odelslova, jordlova og konsesjonslova som rammeverk for eigedomspolitikken i landbruket, men gjennomgå eigedomslovgivinga for å sikre eit levande landbruk i heile landet.

-Handheve priskontroll, personleg buplikt og driveplikt.

– Innføre priskontroll på skogeigedomar.

– Nekte aksjeselskap konsesjon på eigedomar som er underlagde buplikt, og vurdere om Statsforvaltaren skal ha kompetanse til å gi konsesjon i desse sakene.

– Sikre nasjonalt og lokalt eigarskap til jord- og skogeigedomar.

– Setje eit nytt langsiktig mål om maksimal omdisponering av 2000 dekar dyrka mark årleg.

-Sikre at jordvern blir eit overordna omsyn i arealforvaltinga.

– Vurdere forbod mot opsjonsavtalar på dyrka eller dyrkbar mark.

– Gå kritisk gjennom konkrete nedbyggingsprosjekt for å vurdere om mengda prosjekt er foreineleg med dei fastsette jordvernmåla.

Skog

-Auke tilskotet til skogplanting, ungskogpleie og andre skogkulturtiltak for å auke CO2- opptaket og sikre ressursgrunnlaget for industrien.

-Bruke offentlege innkjøp, blant anna gjennom Statsbygg, for å styrkje etterspurnaden etter produkt basert på norsk skog.

-Auke den industrielle vidareforedlinga av skog i Noreg, blant anna ved å sikre meir kapital til vidare utvikling av skogindustrien.

-Leggje til rette for at det blir bygd anlegg for gjenvinning av brukt tremateriale frå bygg, som sikrar at materialet kan brukast til nye industriprodukt for å auke sysselsettinga og verdiskapinga.

-Sikre gode ordningar for industrielle lån, tilskot og risikoavlasting innanfor bioøkonomi.

-Auke satsinga på skogsbilvegnettet for å tilpasse det til endra klimatilhøve og moderne tømmertransport.

-Lage ein eigen transportstrategi som bidreg til meir industriell vidareforedling av skog i Noreg og reduserte klimagassutslepp.

-Etablere eit program for godt klimaskogbruk i samarbeid mellom staten, skognæringa og andre berørte næringar.

– Stoppe utsalet av Statskog sine eigedomar.

-Bruke Statskog som eit verktøy for industribygging og næringsutvikling der Statskog har eigedomar.

– Gjennomføre skogvernet på ein måte som får minst mogleg konsekvensar for avverkinga og skognæringa sine moglegheiter til å bidra i det grøne skiftet.

– Styrke det frivillige skogvernet, gjennom en mer treffsikker ordning for frivillig vern og økt drift av den produktive skogen.

Dyrevelferd

– Styrkje Mattilsynet.

– Sikre at norsk jordbruk har verdsleiande dyrevelferd.

– Oppretthalde forbodet mot førebyggjande bruk av antibiotika og vekstfremmande middel i dyrefôr.

– Støtte investeringar for å fremme dyrevelferdstiltak i jordbruket utan at det blir stilt krav om nyetablering eller auka produksjon, slik at fleire fjøs blir utforma og innreia i tråd med eksisterande dyrevelferdskrav og regelverk.

– Støtte opp under prosjekt for å utvikle alternativ til dyreforsøk.

– Styrkje veterinærtenesta i heile landet slik at alle dyr har tilgang til kvalifisert behandling.

Rovdyr

– Sikre at bestandsmålene faktisk følges opp. Når en bestand ligger over bestandsmålet, skal den forvaltes i tråd med det bestandsmålet som til enhver tid er vedtatt av Stortinget.

– Innrette praktiseringen av rovviltforliket slik at kvoter på lisensfelling tas ut i samsvar med vedtak, og at beiteprioriterte områder blir respektert ved at skadegjørere blir felt uten ugrunnet opphold. Det skal ikke etableres forvaltningsmessige ordninger som ikke har hjemmel i lov eller politiske vedtak.

– Effektivisere lisensjakt på jerv med mer moderne jaktmetoder.

– Utrede en reduksjon av gjeldende bestandsmål for ulv og bjørn, med mål om å redusere belastningen for beitenæringene og lokalsamfunn.

– Fjerne intervallmål. Bestandsmål skal defineres som både minimums- og maksimumsmål. Ved skade skal det gis raske og effektive fellingstillatelser med lengre varighet utenfor rovdyrsoner.

– Gjennomføre en bedre og sikrere telling av de ulike rovdyrbestandene.

Klima

-Oppfylle staten og landbrukets avtale om kutt av klimagassutslipp i landbruket ved hjelp av nye verktøy. Det viktigste nye verktøyet vil være etablering av Bionova, en finansieringsmekanisme til støtte for klimatiltak i landbruket.

– Ikke innføre avgift på klimagassutslipp som følger av biologiske prosesser.

– Bruke skogen aktivt som en sentral del av klimapolitikken og utarbeide et nasjonalt mål og
strategi for å øke den naturlige karbonlagringen i norsk natur

– Sørge for at avgiftssystemet bidrar til en klimaomstilling som er effektiv, og både sosialt og geografisk rettferdig. CO2-avgiften skal gradvis økes til om lag 2000 kroner frem mot 2030. Det skal utarbeides partnerskap med næringslivet, kompensasjonsordninger eller avgiftsreduksjoner for særskilt berørte grupper og næringer og tas hensyn til næringenes konkurransekraft.

– Innrette miljø- og klimaavgifter sosialt rettferdig, og differensiere disse geografisk der det er mulig og hensiktsmessig.

– Redusere avgifter som rammer folk flest, som for eksempel elavgift og drivstoffavgifter, herunder differensiert veibruksavgift. Avgiftsnivået på biodrivstoff skal reduseres.