Tørkeskadd kornåker
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kraftig nedgang i jordbruksinntektene i 2018.

5. desember 2019


Tørke i store delar av Sør-Noreg reduserte avlingar og driftsresultat for jordbruket i 2018. Prisnedgang på kjøt og auka kostnader svekka også resultatet. Det er andre år på rad med inntektsnedgang i jordbruket. Det er stor variasjon i inntektsutviklinga mellom ulike driftsformer og regionar. Sau og frukt og bær auka inntektene, mjølk gjekk litt ned medan korn hadde eit katastrofeår i 2018.


Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 916 bruk fordelte over heile landet.

Produksjon 2017 2018 Endring
Alle 323 300 287 500 -35 800
Melk/storfeslakt 343 700 321 500 -22 200
Korn 246 600 -83 600 -330 200
Svin/korn 409 600 273 400 -136 200
Sau 130 100 196 000 +66 000
Geit 411 900 419 300 +7 400
Ammeku 226 200 219 000 -7 200
Melk/sau 319 900 265 500 -54 400



Nedgang i inntekter og auka effektivitet
Jordbruksinntektene gjekk ned med kr 35 800, til kr 287 500 per årsverk i 2018. Inntektsnivået var høgast på Austlandet andre bygder med kr 318 800, etterfølgt av NordNoreg med kr 315 100 per årsverk. Arealet per bruk auka med 16 dekar, til i snitt 402 dekar. Produksjonsomfanget per driftseining auka, og arbeidsinnsatsen var uendra med 1,6 årsverk per bruk.

Størst nedgang for korn
Lågast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene hadde korn med negativ inntekt på minus kr 84 000 per årsverk. Låg avling på grunn av tørke er hovudårsak til det dårlege resultatet.
Mjølkeprodusentane oppnådde kr 321 500 per årsverk, ein nedgang på 6 prosent frå 2017.
Geitmjølk hadde ein auke i jordbruksinntektene på 2 prosent. Frukt og bær auka med 23 prosent.


Kostnadene auka meir enn inntektene
Generelt var det ein auke i produksjonsinntekter på 4 prosent som følgje av volum- og tilskotsauke.
Kostnadene auka med 8 prosent. Kostnader til innkjøp av fôr auka med 12 prosent, noko som kan skuldast låge grasavlingar på grunn av tørke. Kostnader til maskinleige, leasing og energi auka også mykje siste året.


Framleis høgt investeringsnivå
Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå kr 126 500 i 2017 til kr 203 100 i 2018, ein auke på 60 prosent. Investeringsnivået er framleis høgt, og dei store bruka investerer mest. Det vart investert i maskiner, bygningar, jord og mjølkekvote. Høgast nettoinvestering var det i Trøndelag og på Austlandet.
Gjelda auka med 12 prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka var 49 prosent i 2018, ein auke på 2 prosentpoeng. Rentekostnaden auka med 11 prosent grunna auka gjeldsnivå.

Jordbruket sin del av samla inntekt gjekk ned
Nettoinntekta for brukarfamilien var på kr 945 600 i 2018, ein nedgang på kr 8 000 frå 2017. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår.
Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 36 prosent, 4 prosentpoeng lågare enn i 2017. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 8 prosent, og skogbruket for 2 prosent av samla inntekter. Lønsinntekter utgjorde 43 prosent, mot 40 prosent i 2017.


Jordbruksfrådrag
Skattefordel for jordbruket i form av jordbruksfrådrag, tilsvarer ekstra inntekt på kr 33 000 per årsverk. Dette kjem i tillegg til jordbruksinntekta, og inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Samla årsverksinntekt blir da kr 320 500 per årsverk, ein nedgang på 10 prosent frå 2017.


Eiga skogundersøking viser auke aktivitet og resultat
For 120 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 500 dekar.
Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 81 900, ein auke på kr 44 800 frå 2017. Auka avverking og høgare prisar på virke er årsaker til auken.

Kilde: Pressemelding fra NIBIO