Jordbruksinntektene for landet samla gjekk ned med tre prosent i snitt, etter tre år med vekst.
– Generelt auka kostnadene meir enn inntektene for mange i næringa. Auka prisar pluss volum og tilskotsauke var ikkje nok til vege opp for at kostnadsauken, seier seniorrådgjevar og driftsgranskar Torbjørn Haukås i NIBIO.
Haukås er ansvarleg for dei årlege driftsgranskingane som analyserer tal frå nesten tusen gardsbruk rundt i landet for å følgje den økonomiske utviklinga i jordbruket.
– På kostnadssida gjorde fem prosents auke i kraftfôrprisen tydeleg utslag på resultata saman med auka kostnadar til maskinleige og leasing. Den samla kostnadsauken vart på seks prosent, inntektene auka med fire.Slik er i grove trekk bildet som blir teikna når NIBIO i dag legg fram resultata frå Driftsgranskingane for 2017.
Nøkkeltall
Nokre resultat frå Driftsgranskingane 2017,
utrekningar basert på dei 928 bruka som deltok i undersøkinga:
323 300 kroner = gjennomsnitteg jordbruksinntekta per årsverk
370 200 kroner = høgste gjennomsnittsinntekt (bøndene på Trøndelags flatbygder)
368 600 kroner = nest høgste gjennomsnittsinntekt (bøndene på Jæren)
130 100 kroner = lågaste gjennomsnittsinntekt (sauebønder)
Med utgangspunkt i dei same bruka kan vi seie dette om inntektsgrunnlaget:
40 prosent av familieinntekta på garden kjem frå jordbruket
40 prosent kjem frå lønnsinntekter (utanfor garden)
Resten er fordelt på tilleggsnæringar, skogbruk og annan næringsinntekt.
Stor variasjon innan ulike driftsformer
Bildet ovanfor illustrerer at det er stor variasjon i utviklinga for ulike produksjonar. Haukås drar oss gjennom dei store linjene:
– Fruktbøndene hadde størt auke i 2017. Dei fekk eit bra avlingsår trass i mykje vatn på Vestlandet. Epleavlingane var noko høgare, det gav bra kvalitet og eit godt økonomisk resultat. Inntekta per årsverk innan frukt og bær var på 350 100 kroner.
Grasproduksjonen i store deler av landet vart derimot prega av ein svært våt sommar, noko som gjorde at både andre og tredje slåtten svikta, og bidrog til å trekkje resultatet ned for mange bønder.
– Når det gjeld sauehald, så er overskotsproduksjon og låg pris kombinert med kostnadsvekst viktige deler av forklaringa på den store inntektsnedgangen frå 2016, seier driftsgranskar Haukås.
Sauehald var den driftsforma som fekk størst nedgang av alle dei presenterte driftsformene, med 28 prosent svakare inntekt enn året før. Gjennomsnittsinntekta til sauebonden vart kr 130 100 i 2017.
Omlag uendra for mjølkebøndene
Mjølkeprodusentane oppnådde ei inntekt på 343 700 kroner per årsverk. Det er vel 20 000 høgare enn gjennomsnittsinntekta rekna for alle bønder i undersøkinga.
– Geitmjølk var ein av produksjonane som gjekk ut i pluss samanlikna med året før. Riktignok var det hårfint, med ein prosents auke frå året før, men altså fire prosentpoeng betre enn gjennomsnittsbonden i 2017, seier rådgjevar Øyvind Hansen ved NIBIO sitt kontor i Bodø.
Hansen har følgd geita gjennom lang tid. Han har vore med på perioden med sjukdom som prega næringa, til sanering og ‘hestekuren’ Friskare geiter, noko som har vore positivt for dyra, bonden og det økonomiske resultatet.
Om du lurer på kva årsverkinntekta til ein geitebonden vart i 2017, så er svaret kr 412 000.
Landbruk24 kommer med flere artikler basert på driftsgranskingene etterhvert.
Kilde: NIBIO.