I følge den siste prognosen fra Felleskjøpet Agri holder 74 prosent av den norske hveteavlinga matkvalitet. Stor andel vårhvete av god kvalitet betyr at det også i år anbefales å overlagre kvalitetshvete til neste sesong
– For andre år på rad aukar innhaldet av norsk korn i brød og kornprodukt. Norsk korndyrking har dei siste åra vore gjennom ein liten revolusjon, seier Eli Reistad, direktør for næringspolitikk og marknadsregulering hos Felleskjøpet Agri.
– Det har vorte mogleg å dyrke mykje meir kveite med sterk glutenkvalitet. Dette er ein type kveite som i mange år måtte importerast for å få riktig innhald i bakemjølet. Med full klaff i to-tre år på rad for denne typen kveite, må aktørane i kornbransjen, frå bonde via møller og bakeri til daglegvare, no finjustere kursen og sette seg nye ambisiøse mål for norsk korndyrking og bruk av norsk korn, seier Eli Reistad.
Partnarskap for matkorn og planteprotein, som vart stifta i august i år, har ein visjon om å auke bruken av norsk korn i matproduksjonen frå dagens 50 til 90 prosent i 2030. Dette vil stille auka krav både til dyrkinga og bruken av kornet. Så godt som alle relevante aktørar frå bonde, kornkjøparar, møller, bakeri og daglegvare er med i dette arbeidet.
Bransjen må strekke seg lenger
Den norske marknaden er relativt liten og variasjonane mellom år er store. – I år er det litt liten tilgang på såkalla svak kveite, og noko av den sterke kveiten må lagrast over til neste sesong, seier fagsjef Sindre Flø hos marknadsregulator Felleskjøpet Agri. Han strekar samstundes under at heile bransjen må strekke seg litt lenger for å handtere variasjonar, for at ein skal kunne nå ambisjonane om å auke marknadsdelen for norsk kveite.
Marknadsreguleringa i kornsektoren har som formål å sikre omsetninga av norsk korn og skape balanse i kornmarknaden i Noreg. Felleskjøpet Agri, som er marknadsregulator, skal legge til rette for at alt tilgjengeleg norsk korn i sesongen kan bli brukt best mogleg i samsvar med kvaliteten på kornet. Prognosar er grunnlag for tiltak mot periodiske overskott. Prognosar er også grunnlag for råd til Landbruksdirektoratet om nødvendig supplering av importerte råvarer i august, november og mai.
Importerer fôrkorn og råvarer til kraftfôr
Marknadsregulator har lagt fram ei oppdatert prognose for tilgangen på norsk korn for sesongen 2021/2022. Den totale produksjonen av korn, erter og oljefrø her i landet er prognosert til 1 141 000 tonn. Det er om lag 10 prosent mindre enn siste år, medan kornarealet har auka med ein prosent.
Tilgangen av fôrkorn er prognosert 150 000 tonn lågare enn ved siste prognosering av importbehovet; i august. Behovet for import av fôrkorn og andre karbohydratråvarer til kraftfôrindustrien som roesnitter, mais, melasse, økologiske varer, fôrkveite og fiberråvarer er prognosert til 491 000 tonn.
Meir matkorn
Tilgangen av matkorn er prognosert 21 000 tonn høgare enn i august. Årets matkveite har god bakekvalitet, med generelt sterk glutenkvalitet og høgt falltal. Proteininnhaldet er høgare enn i 2020-avlinga. Det viser analyser og baketestar som Nofima og matmjølmøllene har gjennomført.
I følgje prognosen held 74 prosent av den norske kveiten mål som matkveite. Av norsk rug og rugkveite kan 45 prosent brukast til mat. Prognosen for norsk forbruk av matkorn er 332 800 tonn, og av dette kan 72 prosent vere norsk matkorn. Gryn av havre og bygg er norske. Av all kveiten i norske brød kan 67% vere norsk, medan resten blir dekka av import.
Ulike kvalitetar kan vere utfordrande
Som i 2020 er det i år rikeleg tilgang av sterk vårkveite og mindre tilgang av svak haustkveite enn optimalt. Frå førre sesong vart det overlagra 38 700 tonn sterk vårkveite. For neste sesong ligg det til rette for at tilgangen til haustkveite blir stor, og at tilgangen til vårkveite blir mindre. Det er lagt opp til å vidareføre overlagringa på same nivå.
Kilde: Pressemelding fra Felleskjøpet Agri.