Storfe spiser
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Framleis to tredelar att av importkvoten av fôr

9. april 2018

Grunna dårleg avling i fjor har fleire bønder og importørar uttrykt uro kring fôrsituasjonen i vår. Høylagera er nesten tømde i dei tre skandinaviske landa, men framleis er det rom for å importere mykje fôr frå andre land.

– Av ein total importkvote av høy på totalt 35.000 tusen tonn er det til no i år importert 11.000 tonn. Det vil med andre ord seie at det framleis er mykje att av importkvoten, opplyser Harald Moksnes Weie, som er seksjonsleiar i Landbruksdirektoratet, til Nynorsk pressekontor.

I fjor blei det importert 18.066 tonn fôr medan det i 2016 blei importert 18.891 tonn.

– Det er vanskeleg å svare på kvifor det til no i år er importert såpass lite når fôrsituasjonen her heime er som han er, seier Weie.

Importørane kan handle av kvarandre

Landbruksdirektoratet sit med ansvaret for tollkvotane på landbruksvarer. Kvart år fordeler dei importkvotane gjennom auksjon. I år har 33 kjøpt kvotar, og sju av dei som sit på ein kvote, har enno ikkje importert noko fôr.

Førre veke opplyste høyimportør Alf Steinhovden til NRK at han var nær ved å ikkje kunne love meir fôr til bøndene som tok kontakt, fordi importkvoten hans nesten var oppbrukt. Grunna den spesielle fôrsituasjonen her heime no ønskjer Landbruksdirektoratet å klargjere at det finst løysingar dersom ein brukar opp importkvoten sin.

– Kvoteigarane kan kjøpe kvotar frå andre kvoteigarar. Ein treng heller ikkje å ha kvotar frå før for å kjøpe av andre importørar. Det vil i prinsippet seie at kven som helst som eig eit firma, kan kjøpe importkvotar, fortel Weie.

Fleire er uroa over situasjonen

Landbruksdirektoratet har opplevd at fleire har kontakta dei med uro knytt til fôrsituasjonen.

– Vi har blitt kontakta av fleire som er uroa over situasjon. Bøndene som tar kontakt, er rett og slett interesserte i å få opplysningar om kvar dei kan få tak i fôr til dyra sine, seier Weie.

Vanlegvis importerer ein i Noreg mest fôr frå Sverige. Men i år er det fôrkrise der òg, noko som har gjort at fleire har importert fôr frå Nederland.

– Det er heilt klart ein uvanleg situasjon, og det medfører òg at det blir større kostnader knytt til importen. Når ein transporterer fôr frå Nederland eller andre land på kontinentet, er det heilt klart at til dømes transportkostnadane blir høgare, avsluttar Weie.