Kyr på beite ved Ørland Flystajon
Foto: NMBU

Fortsatt mulig med husdyrhold ved kampflybasen på Ørland

17. september 2019

En undersøkelse viser at det fortsatt er forsvarlig å drive med storfe i rød støysone ved kampflybasen på Ørland. Det anbefales at dyra har mulighet til å gå inn i leskur når de beiter. Bøndene er opptatt av at de fortsatt kan bo på gården for å følge med på dyrenes reaksjoner.

Som ein del av oppfølgjande undersøkingar etter konsekvensutgreiinga for Ørland flystasjon, har Forsvarsbygg tatt initiativ til å undersøke husdyr og husdyrproduksjon med storfe i raud støysone.

Leskur som tiltak for auka dyrevelferd

Leskur på beite blir anbefalt prøvd ut hos dei meste utsette besetningane i raud støysone.

– Resultata viste at dyra som hadde moglegheit til å søke tilflukt i fjøset eller i eit leskur trekte dit viss dei vart skremde. Vi anbefaler at ein undersøker om eit slikt leskur kan auke dyrevelferda i raud støysone. Eit slikt tiltak for dei meste utsette besetningane vil vere avgjerande for å betre sameksistensen for kampfly og husdyr i støysona, seier professor Inger Lise Andersen ved NMBU.
Ho legg til: – På grunn av fluktreaksjonane til dyra på beite meiner vi at eit fortsett husdyrhald i raud støysone vil vere mest forsvarleg dersom dyra har fluktmoglegheiter og at bøndene kan bu på gardane sine, slik at dei kan vere til stades ved uføreseieleg flyging og endra flygemønster.

Vil ha mulighet til å bo på gården

Karl Erik Sørensen som driver med melkeproduksjon innefor  den røde støysonen har deltatt i alle undersøkelsene om hvordan husdyra reagerer på flyvirksomheten. Han sier til Landbruk24, at han er enig i konklusjonen om at det er forsvarlig å videreføre husdyrdriften så lenge det blir gjennomført individuelle tiltak for å dempe belastningen for dyra. Han er spesielt opptatt av det Inger Lise Andersen sier om at det er mest forsvarlig at bøndene kan bo på gårdene sine. 

Så langt har Forsvarsbygg satt krav om at de vil innløse våningshusene, hvis bøndene skal få erstatning for verditapet på gårdsbrukene. Dette mener Sørensen og de andre berørte bøndene er urimelig. De vil fortsatt ha muligheten til å bo på gården, for å være nærmest mulig husdyra. Samtidig ønsker de å få boliger utenfor støysonen, som familiemedlemmer kan bruke når det er behov for å få litt ro.

-For meg blir det et paradoks sier Sørensen, at mens kravene til god dyrevelferd med rette skjerpes, både i form av offentlige påbud og fra forbrukerhold, så mener Forsvarsbygg at de husdyra i Norge som kanskje vil bli eksponert for mest støy må greie seg med mindre menneskelig tilstedeværelse.”

11 besetningar med 278 dyr blei registrert

I undersøkingsveka blei det gjort åtferdsobservasjonar av totalt 11 besetningar og det blei observert totalt 278 dyr. Dyra blei observert i samband med takeoff, overflyging og landing. Det vart spesielt lagt vekt på kyrnes beiteåtferd og alle typar reaksjonar på avgang og overflyging, ifrå orienteringsresponsar til klare flukt og stressreaksjonar. Spesielt ved overflyging og endringar i flygemønster blei det i nokre besetningar og hos ein del dyr registrert sterke fryktreaksjonar.

Kampflyas visuelle påverknad og behov for individuell vurdering

Dyr som har vore innandørs har ikkje under nokre omstende i alle år reagert særleg på flystøy. Faktisk har hjartefrekvensmålingane gitt større utslag på hendingar i fjøset som fôring enn ved flyavgangar. Det blei vidare funne at dB-nivået i seg sjølv ikkje er forklaring nok på reaksjonane til dyra og at vaksne kyr – så vel som kalvar – innhenta utanfor støysona, tilpassar seg relativt raskt.

Det blir konkludert med at kampflyas visuelle effekt, spesielt ved overflyging, kan ha vel så stor betyding som støynivåa i seg sjølv, og at det vil vere sentralt med ei individuell vurdering av kvar besetning

Undersøkingar i framtida kan bli aktuelt

I tillegg til konklusjonen om den synlege verknaden til kampflya og individuell vurdering, summerer rapporten òg opp med at flygeaktiviteten per i dag ikkje kan reknast som representativ for flygeaktiviteten i framtida.

– Resultata fastslår at det er fullt mogleg å drive husdyrhald i støysona med dagens flygeaktivitet, men det er viktig å påpeike at dette nødvendigvis ikkje gjeld dersom aktiviteten blir vesentleg større med F-35 med mange flyavgangar og fullasta fly med etterbrennarar, seier Inger Lise Andersen.

For å få svar på korleis husdyra reagerer når flystasjonen er i full drift med F-35, kan det bli aktuelt å følgje opp med fleire undersøkingar i framtida.

– Denne vurderinga vil vi ta i samarbeid med NMBU og involverte aktørar, avsluttar Carl Oscar Pedersen, eigedomssjef ved Forsvarsbygg kampflybase. 

 

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har hatt det landbruksfaglege ansvaret for undersøkinga, leda av professor Inger Lise Andersen og med Nina Kalis som prosjektmedarbeidar. Gardbrukarane, lokal og regional landbruksforvalting og Mattilsynet har vore viktige samarbeidspartnarar og Multiconsult har stått for akustikkfaglige målingar.

 

Kilde: Pressemelding fra Forsvarsbygg.