Parade på Dyrsku'n
Foto: Birte Susan Ulveseth/FMLA i Vestfold ogTelemark

Dyrsku’n 2021 avlyst

3. juni 2021

På bakgrunn av ei heilskapsvurdering av situasjonen knytt til Covid-19, vurderer Dyrsku’n i samråd med kommuneleiinga det som umogleg å gå vidare med planlegginga av eit så stort arrangement som Dyrsku’n. Dyrsku’n 2021 blir derfor dessverre avlyst, det skriver arrangørene i en pressemelding.

Som ansvarleg arrangør kan vi av omsyn til alle partar tilknytt Dyrsku’n ikkje utsette avgjerda lengre. På noverande tidspunkt er det diverre ei altfor stor uvisse til gjennomføring for alle dei tusenvis som bidreg til Noregs største folkefest. For oss er det avgjerande med eit arrangement i kjent drakt, noko som er umogleg i gjeldande situasjon, seier dagleg leiar i Dyrsku’n Geir Helge Espedalen. 

Innhaldet i Dyrsku’n er summen av mange bidragsytarar sin innsats, og denne avgjerda påverkar mange. Dyrsku’n kjem attende i 2022, med eit meir rikhaldig program enn nokon gong, til beste for norsk landbruk og matproduksjon, seier styreleiar Aslak Snarteland.

Det har gjennom prosessen vore tett og god dialog med ordførar Beate Marie Dahl Eide og kommuneoverlege Kine Jordbakke, som bekreftar at biletet framleis er uoversiktleg og framtida usikker tilknytt pandemien. Ordførar Beate Marie Dahl Eide stør Dyrsku’n si avgjerd. Med eit så omfattande arrangement som Dyrsku’n måtte avgjerda fattast no, og eg meiner dette er den rette avgjerda på noverande tidspunkt for Dyrsku’n og Seljord. Det er trist for dei svært mange som har både glede og nytte av arrangementet at det ikkje blir Dyrsku i år, og dette vil bli eit stort sakn. Ringverknadene tilknytt Dyrsku’n er enorme innan både handel, reiseliv og for lag og foreningar. Avlysinga påverkar heile Seljordsamfunnet, og vi har fleire arbeidsplassar som er heilt avhengig av inntekter i samband med Dyrsku’n, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide.

Det er svært leit at tradisjonsrike Dyrsku’n må avlysast for andre år på rad, og at vi ikkje kan møtast til politiske diskusjonar, spennande lokalmat, husdyr, husflid, handel, tivoli og rotekte opplevingar, men slik vart det diverre også i 2021.

Vi har lagt ned eit stort arbeid gjennom det siste året i forhold til diverse smitteverntiltak, og vi er svært takksame ovanfor både gjester, utstillarar og andre samarbeidspartnarar som har vist oss både støtte, forståing og tolmod gjennom denne krevjande tida. 

Vi må likevel rette blikket framover og no startar arbeidet med Dyrsku’n 2022 og nye 150 år. Dyrsku’n med sine tradisjonar tilbake til 1866, har store ambisjonar for tida framover og vi gler oss til vi kan treffast igjen til gode opplevingar på Dyrskuplassen.

Kilde pressemelding fra Dyrsku’n