lofotlam_pa_uttakleiv

Den nasjonale kulturlandskapsprisen til Lofoten

3. september 2019
Uttakleiv Grendelag, Vestvågøy i Lofoten, blir tildelt Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2019. Uttakleiv representerar den viktige kystkulturen og fiskarbondens landskap, der det ligg mellom høge fjell, nordvendt og heilt ope ut mot storhavet. Dette sanddynelandskapet med strandenger omkransa av kulturenger, artsrike beitelier og bratte fjell, har vore heimstaden for menneske lenge.
 

 

Uttakleiv Grendelag har over tid gjort ein svært viktig og ekstraordinær innsats for bevaring av eit sårbart og artsrikt kulturlandskap. Samtidig er det gjennomført nødvendige tiltak for bevaring av kulturverdiar og tilrettelegging for ferdsel og opplevelsar i dette unike kulturlandskapet.

 

Tre av gardane er i aktiv drift, med til saman 270 vinterfora sau, 10 mjølkekyr og 40 øvrige storfe. 

Dei aktive bøndene med sin husdyrproduksjon og beiting, er avgjerande for å kunna satse slik grendelaget har gjort.

Beitinga er vesentleg for å halde landskapet ope.

Den sikrar heilheit og mangfald i landskapet via bærekraftig skjøtsel.

I tillegg er den ein del av det biologiske kretsløpet, bidreg til og er grunnlag for naturmangfald, og er eit godt klimatiltak.   

 

Det har vore busetting på Uttakleiv sidan steinaldaren, og fleire  gravfelt fortel om ei norrøn busetting frå jernaldaren. Det har vore sau på Uttakleiv også for 1500 år sidan, og beitedrift gjennom århundrer har satt sit preg på stedet.

 

Ei bærekraftig utvikling av kulturlandskapet, krever forebyggande tiltak mot slitasje og forsøpling. Dette har Uttakleiv Grendelag tatt på alvor. Det er gjennomført erosjonssikringstiltak, etablert

parkering og teltplass, satt opp avfallsstasjonar og tømmeplass for toalett og bobilar.

Uttakleiv er eit populært utfartssted både for fastbuande og turistar frå inn- og utland. Årleg besøker 200 000 gjestar stedet.

Dette kulturlandskapet har stor interesse for reiselivet. Uttakleiv er i Masterplan for reiselivet i Lofoten, valgt ut som 1 av 10 viktige naturområde for rekreasjon og opplevelsar.


Kilde: Norsk Kulturarv