Valgnemnda i Norges Bondelag innstiller Lars Petter Bartnes som leiar til 2021. Bartnes som har vært leder i Norges Bondelag siden 2014, sa i vinter nei til gjenvalg, men har nå sagt seg villlig til å fortsette fram til årsmøtet i 2021. Årsmøtet i Norges Bondelag blir holdt 30. september.
I dag blei det kjent at valnemnda innstiller Lars Petter Bartnes som leiar i Norges Bondelag
Årsmøtet til Bondelaget for 2020 blir på Lillehammer 30. september til 1. oktober. Leiar i valnemnda, Anne Kristine Rossebø, er glad for at Lars Petter Bartnes har sagt seg villig til å lede organisasjonen fram til årsmøtet i 2021.
– Situasjonen er svært endra sidan Bartnes i vinter meldte at han ikkje ville ta gjenval. Denne våren har vore ekstraordinær. Ut frå ei samla vurdering meiner vi dette er ei svært god løysing for organisasjonen. Det er kort tid frå årsmøtet i starten av oktober til neste forhandlingsrunde våren 2021, og då er det avgjerande med den kunnskap, erfaring og anerkjenning som Lars Petter Bartnes har, seier Anne Kristine Rossebø.
Koronautbrotet har ført til store endringar i heile samfunnet og satt mykje på vent. Sjølv om det no vert opna opp er mykje usikkert, og det er ein krevjande situasjon for store deler av næringslivet, også for landbruket.
– Det at jeg ba om avløsning i vår, men velger å stille opp i årsmøtet for valg til en ny periode, viser noe av situasjonen vi er kommet i. Det handler om korona, og at årsmøtet er utsatt. Det er en spesiell situasjon for landbruket og i disse koronatider, sier Lars Petter Bartnes til Bondebladet
Sidan årsmøtet til Bondelaget vart utsett på grunn av korona-situasjonen, heldt Lars Petter Bartnes fram, i lag med styret ellers, med sine oppgåver. Rossebø peiker på at det har vore løyst på ein god måte.
Resten av innstillinga frå valnemnda blir kjent nærmare årsmøtet i september.
Kilde: Pressemelding fra Norges Bondelag