Traktor på åkeren
Illustrasjonsfoto: F. Meyer.

Jordbruksinntektene i 2019

8. desember 2020

Jordbruksinntekta auka med 4 prosent frå 2018 til 2019 sjølv om ein framleis ser effektar av
tørkeåret i 2018. Kornprodusentane betra resultatet som venta. Det vart nedgang for dei fleste
husdyrproduksjonane.
Her kan du se alle tabeller

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO. Jordbruksinntekta auka med kr 12 700 per
årsverk frå 2018 til 2019, og vart kr 300 200. Inntektsnivået var høgast på flatbygdene på Austlandet
og i Trøndelag med høvesvis 353 900 og kr 352 000.

Produksjonsinntektene auka med 3 prosent. Generelt var det ein auke i inntekter frå planteproduksjon, medan inntektene frå husdyrhaldet var om lag uendra frå 2018. Samla tilskot inkl.
avlingsskadeerstatning gjekk ned med 5 prosent. Tilskota vart lågare i 2019 enn i 2018 som følgje av
store utbetalingar etter avlingsskade i 2018.

Stor auke i faste kostnader
Kostnadene auka i gjennomsnitt med 2 prosent. Dei variable kostnadene viste lita endring frå 2018 til
2019. Fôrkostnadene som utgjer den største posten, gjekk ned med 2 prosent frå 2018 til 2019, men
var likevel vesentleg høgare enn i 2017. Dei faste kostnadene auka med 5 prosent. Særleg var det
avskrivingar og leige som auka mykje. Kostnader til maskinleige og leasing har auka kvart år dei siste ti
åra, og utgjorde i gjennomsnitt kr 121 200 for driftsgranskingsbruka i 2019.

Arealet per bruk auka med 4 dekar, til i snitt 406 dekar. Produksjonsomfanget gjekk noko ned for dei
fleste husdyrproduksjonane, medan arbeidsinnsatsen var uendra med 1,6 årsverk per bruk.
Driftsgranskingane for 2019 omfattar rekneskapstal frå 930 bruk fordelte over heile landet.

Nedgang for mjølkeproduksjon
Mjølkeprodusentane fekk redusert jordbruksinntekta for tredje år på rad, og oppnådde kr 294 500 per
årsverk, ein nedgang på 8 prosent frå 2018.

Kornprodusentane fekk auka jordbruksinntekta frå kr -84 000 i katastrofeåret 2018 til kr 334 400 per
årsverk i 2019. Det er det beste resultatet for kornprodusentane sidan toppåret 2015.

Geitemjølk-produsentane fekk redusert jordbruksinntekta med 7 prosent frå 2018 til 2019, men vart
likevel produksjonen med høgast jordbruksinntekt med kr 399 700 per årsverk. Lågast jordbruksinntekt av dei presenterte driftsformene hadde storfekjøtproduksjon med kr 163 400 per årsverk og sauehald med kr 164 200.

Redusert investeringsnivå
Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk gjekk ned frå kr 203 100 i 2018 til 113 800, ein nedgang på
44 prosent. Det vart investert i maskiner, bygningar, jord og mjølkekvote. Høgast nettoinvestering var
det på Vestlandet i 2019, medan bruka på Jæren hadde negativ nettoinvestering dette året. Negativ
nettoinvestering betyr at verdien på driftsmidla går ned.

Gjelda auka med 4 prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka var 48 prosent i
2019, ein nedgang på knappe 1 prosentpoeng. Det tyder på god soliditet.

Jordbruket sin del av samla inntekt gjekk ned

Nettoinntekta for brukarfamilien var på kr 1 024 300 i 2019, ein auke på 8 prosent frå 2018. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår.

Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 35 prosent, 1 prosentpoeng lågare enn i 2018.
Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket auka med 2 prosentpoeng frå 2018, og
stod for 9 prosent, og skogbruket for 2 prosent av samla inntekter. Lønsinntekter utgjorde 41 prosent,
2 prosentpoeng mindre enn i 2018.

Jordbruksfrådrag
Skattefordel for jordbruket i form av jordbruksfrådrag, tilsvarer ekstra inntekt på kr 31 300 per
årsverk. Dette kjem i tillegg til jordbruksinntekta, og inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Samla
årsverksinntekt blir da kr 331 500 per årsverk, ein auke på 3 prosent frå 2018.

Skog – auka aktivitet og resultat
For 121 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på
desse bruka er 1 450 dekar.
Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 94 400, ein auke på kr 12 500 frå 2018.
Auka avverking og høgare prisar på virke er årsaker til auken.

Kilde: Pressemelding fra Nibio