Sauer
Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX .

109 sauer reddet ut av brennende fjøs i Luster

11. februar 2019

Alle de  109 sauene vart redda ut av eit brennende fjøs i Luster. – Det kunne gått riktig gale. Det gjekk veldig fort, seier bonde Stein Helge Kristensen, til NRK. Då han så det røyk frå fjøsen, sette han i gang med å berge ut dei 109 sauene sine. Men så kom flammane.

– Det gjekk bra til å byrje med, men plutseleg small det frå straumanlegget. Då vart det ein del flammar og mykje røyk. Eg fekk berre ut halvparten av sauene før eg måtte gje meg, men då kom brannvesenet, fortel han til NRK.

Sauene vart eksponert for ein del røyk, og måtte få sjekk av veterinær. Dei var alle i god behald, det same var sauebonden sjølv.

– Sauene er rolege no, og dei har ikkje panikk. Dei siste som vart redda ut var det litt fart i – dei bar preg av at det hadde vore ein del røyk, fortel bonde Kristensen.

Kilde: NRK

Du kan også lese om saken i Sogn Avis her