Illustrasjonsfoto: F.Meyer
Illustrasjonsfoto: F.Meyer

Prognose: 21 % mindre avling enn i fjor.

10. august 2023

Fellekjøpet Agri markedsregulator kom i dag med ny prognose for årets kornavling. Det er bare minimalt med korn som er høstet, så prognosen er usikker. De anslår at årets avling blir 5 prosent lavere enn gjennomsnittet for de siste 5 åra, og 21 prosent lavere enn fjorårets rekordavling.

I en kommentar til prognosen skriver seniorrådgiver Sindre Flø:

Prognosert totalt kornareal er sett lik føregåande totalareal. Fordelinga mellom kornslag er basert på såkornomsetninga og viser redusert kveiteareal og auka areal bygg og havre. Arealet med åkerbønner er estimert til om lag uendra areal i forhold til i fjor.

Prognosen for tilgang er basert på estimat av areal og avling pr. dekar. Prognosen tilseier ein tilgang av norsk korn og proteinvekstar som er om lag 21 % under tilgangen i 2022 og 5 % under femårssnittet. Andelen av avlinga som innfrir krava til matkorn er avhengig av vêret framover og er førebels usikker. Med bakgrunn i vanskelege vêrforhold er forventa andel justert ned i forhold til normal andel. Vurderingane tilseier at det blir behov for import av havre til mat.

Det er ikkje venta at det blir behov for regulering av ubrukt matkorn etter sesongen.

Utdrag fra prognosen: 

Tilgangsprognose

Avlingsprognose

Matandel for kveite, rug og havre

Fordelinga av tilgangen av kveite og rug mellom mat- og fôrkorn blir sterkt påverka av vêret før treskinga og er vanskeleg å estimere så tidleg i sesongen. Matandelen tek difor normalt utgangspunkt i ti års medianverdi for matandel. Denne er 69 % for kveite og 42 % for rug/rugkveite. Vårkveiten vil uansett vere prega av etterrenning, som reduserer kvaliteten. Haustkornet kan vere prega av blandingsvare etter omsåing. Uvêret Hans  har gitt flaum over Austlandet som kan medføre svekka kvalitet. Sein utvikling og kort strålengde reduserer risikoen for svekka kvalitet som følgje av nedbøren. Andel matkorn er etter ei samla vurdering justert ned til 50 % for kveite og 35 % for rug/rugkveite.

Kilde: Felleskjøpet Markedsregulator