Med bakgrunn i situasjonen i skogbruket etter Covid 19-utbrotet gjer regjeringa framlegg om å løyve 50 millionar kroner til ei ekstraordinær tiltakspakke for skogbruket.
Føremålet med tiltakspakka er å medverke til hogstaktivitet i skogbruket i ein periode med redusert etterspurnad etter sagtømmer. Redusert aktivitet i byggsektoren har gitt lågare etterspurnad etter trelast frå sagbruka, og dermed mindre hogst for skogsentreprenørane.
– Eg har lytta til skog- og trenæringa og er glad for å kunne leggje fram denne tiltakspakka som eit bidrag til å halde oppe hogstaktiviteten i skogbruket i denne krevjande tida, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad, som også peikar på at tiltaka vil hjelpe til å halde hjula i gang i treforedlingsindustrien.
Tiltakspakka vil leggje opp til å vri meir av hogsten over på tynning, slik at det blir tatt ut meir massevirke, som er det tømmeret som går til treforedlingsindustrien.
15 millionar til Mattilsynet
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynet med 15 millionar kroner.
– Mattilsynet er ein beredskapsetat med kritiske samfunnsfunksjonar knytt til matvare- og vassforsyning. I 2020 har Mattilsynet fått fleire nye oppgåver som følgje av koronapandemien, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
Løyvinga til Mattilsynet skal m.a. dekke auka utgifter som følgje av nye oppgåver og nødvendig utviklingsarbeid i Mattilsynet etter ekstern gransking.
Kompensasjon og omstilling i pelsdyrhaldet
Stortinget har vedtatt forbod mot hald av pelsdyr i Noreg. For pelsdyrprodusentar som hadde pelsdyr 15. januar 2018, er det vedtatt ein avviklingsperiode fram til 1. februar 2025. Omlag 180 pelsdyrprodusentar i Noreg er omfatta av vedtaket. Det blir gitt kompensasjon for tap av retten til å halde pelsdyr, og det blir gitt tilskot til omstilling.
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald med 60 millionar kroner. Fleire pelsdyroppdrettarar har avvikla produksjonen enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2020.
Stortinget har bedt regjeringa om å endre kompensasjonsordninga. Regjeringa arbeider med å få på plass eit nytt regelverk. Forslaget til løyving tek ikkje høgde for budsjettmessige konsekvensar som vil kunne følgje av nytt regelverk.
Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til omstillingsordninga for pelsdyroppdrettarar med 30 millionar kroner i 2020. Det har vore stor interesse for ordninga. Ved å auke løyvinga ønskjer regjeringa gjere det mogleg med rask omstilling til anna verksemd for oppdrettarar som har avvikla, eller som har planar om å avvikle pelsdyrhaldet i nær framtid. Ordninga har ei samla ramme på 100 millionar kroner.
Kilde: Pressemelding fra Landbruks- og matdepartementet