Hveteåker
Illustrasjonsfoto

Regjeringen vil ikke etablere beredskapslager av matkorn

7. oktober 2019

I statsbudsjettet som ble lagt fram i dag slår regjeringen fast at de ikke vil bruke penger på å etablere beredskapslager av matkorn. “Ei fullstendig avsperring av forsyningslinjene over noko tid blir ikkje sett på som realistisk” skriver regjeringen i budsjettet.

Her et utdrag av det som skrives om matkornberedskap.
Det er eit viktig samfunnsansvar å sikre at innbyggjarane i landet får mat. Matsikkerheit i Noreg blir teke i vare gjennom nasjonal produksjon, handel og varetaking av produksjonsgrunnlaget. Forsyningsberedskapen innanfor matvaresektoren er basert på at både nasjonal produksjon og import langt på veg kan bli oppretthalde òg i kriser. Ei fullstendig avsperring av forsyningslinjene over noko tid blir ikkje sett på som realistisk. Noreg er avhengig av å importere viktige matvarer, men òg innsatsfaktorar, maskiner og utstyr. Noreg er òg i den heldige situasjonen at vi har ein stor sjømatsektor, som saman med matproduksjon frå landbruket sikrar eit solid fundament for nasjonal matsikkerheit.

Det er viktig å redusere risiko og sikre tilgangen på matkorn i Noreg. Å etablere statleg sentralisert beredskapslagring av matkorn vil innebere vesentlege kostnader til etablering og drift, tilnærma i underkant av 50 mill. kroner i årlege driftskostnader og 200 mill. kroner til innkjøp av korn frå verdsmarknaden for forbruk av matkorn i 3 månader. I tillegg kjem vesentlege kostnader til etablering av ny silokapasitet for dette kvantumet, tilnærma 230 mill. kroner. På bakgrunn av dette meiner Landbruks- og matdepartementet at sentralisert beredskapslagring av matkorn ikkje vil vere eit målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit.

Departementet meiner at det vil vere meir målretta og kostnadseffektivt å bruke ressursar på å redusere risiko og sikre kontinuerleg norsk matkornproduksjon, der dei årlege jordbruksoppgjera vil vere den viktigaste arenaen for å drøfte tiltak på dette området. Som del av ei beredskapstenking vil det framleis vere viktig å leggje til rette for mindre og lokale private kornlager på gardsbruk. Regjeringa har ved dei siste jordbruksoppgjera stimulert til auka norsk kornproduksjon innanfor dei områda der det er rom for dette i marknaden, i hovudsak innan kveiteproduksjon. I tillegg er det i jordbruksoppgjera i 2018 og 2019 vedteke å prioritere tørke- og lageranlegg for korn innanfor LUF-midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket. I jordbruksoppgjeret 2019 blei òg ordninga med tilskott til beredskapslagring av såkorn styrkt vesentleg.”

Kilde: Statsbudsjettet