Hveteåker
Illustrasjonsfoto.

Må importere mer korn enn planlagt

12. mai 2020

Sesongens siste prognose fra Norske Felleskjøp viser at det blir behov for mer kornimport enn tidligere prognosert. Endret forbruksmønster etter koronautbruddet gjør at det må overlagres matkveite i klasse 1, mens noe av kveita i klasse 5 som var omdisponert til fôrkorn nå kan selges som matkorn. Andelen norsk korn både til mat og fôr blir 55 prosent.

Her er utdrag av prognosedokumentet

Prognosen tilseier at tilgangen av korn og proteinvekstar er i alt 7 000 tonn lågare enn prognosert i november og  28 000 tonn mindre enn prognosert i mars.

Kornsesongen 2019 ga relativt mykje haustkveite og lite vårkveite. Overskott av haustkveite var difor venta. Pr. 1. april er det meldt inn eit overskott av 23 400 matkveite. Av dette er 15 400 vårkorn klasse 1 og 8 000 tonn er av haustkorn klasse 5. Det har skjedd ei vriding av forbruket frå vårkveite til den rimelegare råvara av haustkveite – frå bakeriindustri og storhushaldning og over til detaljhandel. Dette er utslag av endra forbruksmønster under koronapandemien.

I etterkant av den bindande innmeldinga pr. 1. april er det bedt om at overskottet av haustkveite klasse 5 på 8 000 tonn heller blir stilt til disposisjon for matmjølindustrien enn å bli omdisponert til fôr. I lys av den usikre situasjonen samfunnet kom i frå mars, vil Norske Felleskjøp akseptere at Felleskjøpet Agri kan bli fristilt frå forpliktinga til å handtere dette som overskott. Det gjenstår då overskott av 15 400 tonn klasse 1 som ikkje er handtert. Frå før er 33 873 tonn haustkveite omdisponert til fôr.

Overskottet av vårkorn er av god kvalitet og ville normalt ha vore brukt opp i sesongen. Redusert areal haustkveite og god omsetning av såkorn av klasse 1 gir utsikt til god klassefordeling hausten 2020. Norske Felleskjøp legg til grunn at overskottet av matkveite av klasse 1 bør kunne overlagrast.

Norsk havre etter sesongen 2019 er svært liten og vêrskadd og tilfredsstiller i liten grad kvalitetskrava til matmjølmøllene. Den prognoserte tilgangen av norsk grynhavre er sett i samsvar med tilbakemelding frå kornhandlarane om forventa sal.

Tabellen under gir oversikt over bruken av norsk korn frå årets avling og av korn som er overlagra for marknadsreguleringa si rekning:

Andelen norsk korn av forbruket av matkorn totalt blir med dette 55 % i sesongen

Prognosert suppleringsimport med administrert toll: 21 000 tonn.

Råvarer til kraftfôr

Andelen norsk korn av karbohydratdelen eksklusiv kli er med dette 75 %. Av totalt kraftfôr utgjer norsk korn og kli 55 %.

Prognosert suppleringsimport nå i mai med administrert toll blir 116 000 tonn.

Kilde: Norske Felleskjøp