Illustrasjonsfoto: F. Meyer
Illustrasjonsfoto: F. Meyer

Jordbruksinntektene økte i 2021.

15. desember 2022

Jordbruksinntekta auka med heile 23 prosent frå 2020 til 2021. Det vart auke for dei fleste husdyrproduksjonane, men nedgang for kornprodusentane. For frukt- og bærprodusentane vart 2021 eit svært godt år.

Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO. Jordbruksinntekta auka med kr 75 300, eller 23 %, per årsverk frå 2020 til 2021, og vart kr 403 100. Inntektsnivået var høgast på Jæren med kr 474 000.

Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei rekneskapsgransking som viser resultat og økonomisk utvikling på norske gardsbruk, og er ein del av den offisielle statistikken i Noreg. I 2021 omfattar granskinga tal frå 916 . Desse er valde ut slik at dei representerer ulike landsdeler, storleiksgrupper og driftsformer.

Produksjonsinntektene auka med 11 prosent. Husdyrinntektene, som utgjorde 58 prosent av produksjonsinntektene, auka med 17 prosent. Til dømes auka inntektene frå mjølk med 16 prosent og sal av storfekjøt med 24 prosent, medan inntektene frå kornproduksjon gjekk ned med 7 prosent. I gjennomsnitt for alle deltakarbruka auka tilskota med 4 prosent frå 2020 til 2021.

Kostnadene auka i gjennomsnitt med 7,5 prosent. Dei variable kostnadene auka med 7 prosent i gjennomsnitt, men med stor variasjon mellom ulike kostnadspostar. Kostnadene til kraftfôr som utgjer den største posten av dei variable kostnadene, auka med 5 prosent, medan handelsgjødsel og kalk auka med 3 prosent. Av dei faste kostnadene auka elektrisk kraft med 57 prosent og drivstoff med 17 prosent frå 2020 til 2021. Leigd arbeid auka med 3 prosent og kostnader til maskinleige og leasing med 8 prosent. I gjennomsnitt gjekk dei faste kostnadene opp med 8 prosent.

Arealet per bruk auka med 4 dekar, til i snitt 421 dekar. Produksjonsomfanget auka noko for mjølk og storfekjøt, for resten av husdyrhaldet var det små endringar frå 2020. Arbeidsinnsatsen har vore uendra dei siste åra med 1,6 årsverk per bruk.

Stor auke for mjølkeprodusentane
Jordbruksinntekta til mjølkeprodusentane auka med 30 prosent frå 2020, etter nokre år med relativt dårleg utvikling. I 2021 oppnådde dei ei jordbruksinntekt på kr 397 000. Grunna stor etterspørsel i marknaden, fekk mjølkeprodusentane auka mjølkekvoten i 2021, i tillegg auka mjølkeprisen med 58 øre per liter. Saman med auke i volum og pris på storfekjøt, medførte det at husdyrinntektene auka med 20 prosent. Det var 295 bruk med mjølkeproduksjon med i granskinga for 2021.

Dei siste åra har sauehaldet vore prega av overproduksjon av sau- og lammekjøt og låge prisar på kjøt. I 2021 auka prisane grunna stor etterspørsel, og sjølv om produksjonsvolumet var om lag som året før, fekk denne driftsforma auka jordbruksinntekta med kr 80 000 til kr 243 900. Det var 123 bruk med sauehald i driftsgranskingane i 2021.

Jordbruksinntekta for kornprodusentane gjekk ned både i 2020 og i 2021, etter eit brukbart år i 2019. I gjennomsnitt for landet fekk dei ei jordbruksinntekt på kr 185 500 i 2021. Det var 107 driftsgranskingsbruk med einsidig kornproduksjon i 2021.

Av produksjonane det vert publisert tal for, var det svinehald i kombinasjon med korn som fekk høgast
jordbruksinntekt i 2021 med kr 549 600 per årsverk. Det var ein auke på 16 prosent frå 2020.

Jordbruksinntekta til bruka med frukt- og bærproduksjon varierer mykje mellom år. I 2021 hadde dei eit godt år, og fekk auka jordbruksinntekta med 59 prosent til kr 510 100.

Nedgang i investeringane
Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk gjekk ned frå kr 161 400 i 2020 til kr 136 500 i 2021, ein nedgang på 15 prosent. Høgast nettoinvestering fann vi på Jæren med kr 459 500. Det vart investert mest i nye bygningar.

Gjelda auka med 4 prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen for driftsgranskingsbruka gjekk ned med to prosentpoeng frå åra før, og var 46 prosent i 2021. Det tyder på god soliditet.

Jordbruket sin del av samla inntekt auka
Nettoinntekta for brukarfamilien var på 1,27 mill. kr i 2021 ein auke på 18 prosent frå 2020. I nettoinntekt inngår alle inntekter for brukarfamilien, både i og utanfor bruket, med frådrag av gjeldsrenter og kår. På 78 prosent av deltakarbruka er det registrert ektefelle/sambuar. I gjennomsnitt for granskinga ligg det derfor ca. 1,8 personar bak nettoinntekta til brukarfamilien.

Jordbrukets del av brukarfamiliens samla inntekter var 40 prosent, 3 prosentpoeng meir enn i 2020. Bidrag frå tilleggsnæringar med basis i ressursane på bruket stod for 7 prosent, og skogbruket for 2 prosent av samla inntekter. Lønsinntekter utgjorde 37 prosent, 4 prosentpoeng mindre enn i 2020.

Jordbruksfrådrag
Jordbruksfrådraget vert fastsett i jordbruksoppgjeret. For 2021 var maksimalt frådrag kr 190 400, det same som i 2020. Inntektsverknad av jordbruksfrådrag er rekna til kr 36 300 per årsverk for 2021. Dette kjem i tillegg til jordbruksinntekta, og inngår ikkje i nokon av resultatmåla over. Samla årsverksinntekt blir da kr 438 600, ein auke på 21 prosent frå 2020.

Skog – auke i resultat
For 104 gardsbruk med skog er det utført ei eiga undersøking. Det gjennomsnittlege skogarealet på desse bruka er 1 620 dekar. Gjennomsnittleg driftsoverskot per skogbrukseigedom var kr 77 800, ein auke på kr 9 300 frå 2020. Høgare prisar på virke og lågare kostnader er årsaker til auken.

Se alt om driftsgranskingene her

Kilde: Pressemelding fra NIBIO