Foto: NBS
Foto: NBS

Fylkeslederne i NBS vil kreve etter behov

7. februar 2022

Fylkeslederne i Norsk Bonde- og Småbrukarlag skriver i en uttalelse at jordbruket i årets jordbruksoppgjør må kreve etter behov. De krever også at auka kostnader dekkes før de går inn i reelle forhandlinger.

De avslutter uttalelsen med følgende krav: 

Kostnadsveksten fram til no, kan, slik NBS har kravd, dekkast gjennom tilleggsforhandlingar. Dersom dette ikkje skjer, må me kreva at alle auka kostnader vert dekka før me går inn i reelle forhandlingar om ein ny jordbruksavtale.

Fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil difor at kravet til årets jordbruksforhandlingar vert todelt.

– 1. Dekning av auka kostnader

– 2. Inntektsutjamning

Skal me framleis ha eit jordbruk i Norge og sikra målet om sjølberging på 50 % må inntektene opp på same nivå som i resten av samfunnet.

Då må jordbruket kreva etter behov!

Kravet vert høgt

Her er resten av det de skriver:

Under behandlingen av statsbudsjettet for 2022 vedtok stortinget: «Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.»

Fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag er glade for at det kan sjå ut som regjeringa og stortinget forstår at jordbruket i Norge er inne i ei krise. Me ser fram til jordbruksforhandlingane til våren med forventning om at lovnadene vert realiserte!

Inntektsforskjellen mellom landbruket og andre er svært stor og aukar stadig.

I desse dagar arbeider lokallag og fylkeslag med sine innspel til jordbruksforhandlingane. Me veit det vert gjort eit godt arbeid med dette og alle innspel vert tekne med i vurderingane fram mot kva krav Norsk Bonde- og Småbrukarlag skal koma med til våren. Resultatet av studiearbeidet vert først klart 1. mars og talmaterialet som vårt krav skal baserast på kjem også om lag på den tida.

Men, alt no kan me sei tydeleg: Kravet vert høgt!!

Etter mange år med underfinansiering og feil verkemiddelbruk er jordbruket i Norge inne i ei djup krise. Så, for å skapa ny optimisme i næringa og sikra nyrekruttering vil fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag kreva eit kraftig inntektsløft. For at alle bønder skal få ta del i inntektsutjamninga krev me at inntektsløftet primært vert lagt på det første årsverket og at det vert lagt inn ordningar for å begynna på ei inntektsutjamning også mellom dei forskjellige produksjonane.

Forutsetninga for auka inntekter i jordbruket er full dekning av auka kostnader!

Kilde: Uttalelse fra fylkesledermøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.