Foto: Nortura
Foto: Nortura

Foreslår gjenvalg på Trine Hasvang Vaag i Nortura

14. mars 2022

Valgkomiteen i Nortuar har i dag innstilt på gjenvalg av Trine Hasvang Vaag. Det blir hennes 6. periode som styreleder.

– Trine Hasvang Vaag leiar styret og selskapet på ein svært god måte, og har markert seg som ei tydelig røyst for å løfte økonomien til eigarane. Vi i valkomiteen oppfattar Vaag som svært godt motivert, seier Bjarte Myren, leiar for sentral valkomité i Nortura.

Valkomiteen innstiller òg på attval av Jan Erik Fløtre som nestleiar for eit år, og som styremedlem for to år. Hans Amund Baastad vert òg innstilt for ein ny periode som styremedlem.

To nye styremedlemmar

Som nye styremedlemmar innstiller valkomiteen Linda Gjerde Myren frå Møre og Romsdal, og Ole Johs Egeland frå Viken.

– Valkomiteen ser det som overordna viktig at konsernstyret er samansett av personar som utfyller kvarandre med erfaring og kompetanse, og som har ein god appell til eigarane og samfunnet, sier Myren.

Linda Gjerde Myren, (gris, storfe, småfe) 48 år, frå Valldal i Møre og Romsdal.
Organisasjonserfaring frå mellom anna lokalt bondelag, formannskap / kommunestyre, Nortura og Norsvin. Linda Gjerde Myren har i tillegg til å vere bonde, arbeidd som rådgjevar i Tine, revisor, og er no dagleg leiar for eige selskap som tilbyr tenester innan økonomirådgjeving og rekneskap.

Ole Johs Egeland, (slaktekylling, and, korn, skog) 58 år frå Spydeberg i Viken.
Han har erfaring som styremedlem i Spydeberg- og Østfold bondelag, og kjenner Nortura godt etter fleire år som leiar i fagutval fjørfekjøt og dei siste to åra som leiar i RU øst og no 1. vara til styret. Ole Johs Egeland er òg styremedlem i Norfersk AS.

Valgkomiteens innstilling

Styreleiar Trine Hasvang Vaag midt
Nestleiar Jan Erik Fløtre vest

Styremedlemar Jan Erik Fløtre vest
Hans Amund Braastad innlandet
Linda Gjerde Myren vest (Ny)
Ole Johs Egeland øst (Ny)

1. vara til styret Johan Kristian Daling midt
2. vara til styret Martin Mæland agro
3. vara til styret Bente Børsheim nord
4. vara til styret Mari Trosten nord

Olav Håkon Ulfsnes og Ole Reino Tala går ut av styret

Val av nytt styre skjer under årsmøtet i Nortura 4. -5. april.