Leder i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes sier til Nationen at de vil kreve at nedskaleringen av melkeproduksjonen gjøres ved utkjøp av kvoter, reduksjon i grunnkvote og bruk av forholdstall på disponibel kvote.
– Det er ingen tvil om at den dyraste løysinga er å ta ned forholdstalet, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, som derimot vedgår at bruk av forholdstalet lett kan oppfattast som ein god måte å ta ned produksjonen på.
– Vi meiner tilpassinga til ein produksjon utan Jarlsbergeksport er ein varig reduksjon i mjølkevolumet og varige volumendringar bør regulerast ved å endre grunnkvoten. Endring av grunnkvoten vil påverke både aktive produsentar og passive som bortdisponerer kvoten, seier Bartnes.
Han seier det ikkje er gitt at heile nedjusteringa av forholdstalet bør kome på grunnkvoten, men at den samla tilpassinga bør skje ved ein kombinasjon av ei mellombels utkjøpsordning, endra grunnkvote og forholdstal på disponibel kvote.
Les mer om Bondelagets posisjon her