Foto: Torbjørn Tandberg
Foto: Torbjørn Tandberg

Regjeringa justerer produksjonssviktordninga

19. september 2023

Regjeringa justerer  ordninga for produksjonssvikt slik at bønder kan få tilskot når dei haustar korn som blir treska og deretter avvist på kornmottaket. 

Korn som blir treska og deretter avvist på kornmottaket eller ikkje blir betalt på grunn av dårleg kvalitet, gjev per i dag ikkje grunnlag for tilskot gjennom produksjonssviktordninga. Dette blir nå endra. Ordninga med tilskot ved produksjonssvikt blir justert slik at korn som blir avvist eller ikkje blir betalt på grunn av dårleg kvalitet, likevel kjem inn under ordninga.

I produksjonssviktordninga ligg det ei plikt til avgrensa tap og plikt til å hausta. Kommunen kan gje unntak frå hausteplikta. I mange tilfelle vil det ikkje vere praktisk mogleg å avgjerda før hausting om kornet har så dårleg kvalitet at det ikkje vil bli akseptert av kornmottaket. Kommunane kan framleis gje unntak frå hausteplikta i tilfeller der det er rimeleg tvil om kornet kan brukast.

Dei justeringane som nå blir gjort vil forbetre situasjonen for bønder som har fått øydelagt kornavlingar av dei dårlege vêrforholda i sommar.

– Eg er glad for at vi i dag kan gje signal til produsentar som er i tvil om dei vil få selt kornet, at dei kan få tilskott til produksjonssvikt viss kornet blir underkjent. Dermed er det lurt å treske om ein er i tvil. Samtidig er det viktig å understreke at kommunane kan gje unntak frå hausteplikta i tilfelle der det er rimeleg tvil om kornet kan brukast, seier Landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Kilde: Pressemelding fra Landbruks- og matdepartementet