Det var en godt fornøyd styreleder i Norsvin, Per Inge Egeland, som talte til årsmøtet i går. Han oppsummerte med at 2022 ble et av de beste åra økonomisk sett for de fleste svineprodusenter. Egeland sa at framtida også ser lys ut, og han undra seg på hvorfor det ikke er mer byggeaktivitet.
Her er utdrag av talen:
2022 blei eit av dei beste år økonomisk sett for mange av oss. Alt som er bra for økonomien har gått grisens veg, marknad i balanse og prisløyper som var spot on eller litt i forkant gjorde at året blei bra. Der er mange måtar å definere det å ha det bra, for nokon er det folka rundt oss heime, for andre er det det me gjer på fritida/ aktivitet, for nokon er det tinga me eig (bil båt hytta traktor), for nokre få av oss eit nytt grishus…. Men det har ikkje vore sjølsagt at det blei akkurat slik. PGE blei justert opp tre gonger i fjor, 1 jan, 28 febr og 1 juli. Når andre dyreslag fekk sin kostnadskompensasjon utbetalt i september så hadde me fått det sidan 28 februar. Difor såg det litt rart ut når kostnadskompensasjonen kom i september, grisen fekk 2700 kroner, rugeegg fekk opptil ein halv million.
Straumstøtte var heller ikkje sjølvsagt at den blei det den blei. At grensa for støtte blei heva var ekstremt viktig for dei det gjaldt, monge stader i landet er straum det einaste reelle middelet til og varma opp byggningane med forutan diesel/parafin. For desse ordningane sender me Nortura og Bondelaget ein stor takk for jobben! Fagavdelinga hjå oss fortjene også ein stor takk for å ha oppdatert lønnsomhetskalkylar til nesten ei kvar tid. Dette arbeidet er av høg kvalitet som andre rundt oss nyttar som dokumentasjon og eg vil tåre å sei at gjeldande PGE hadde vore noko lågare om ikkje fagavdelinga hadde hatt den tiltrua hjå aktørane rundt oss.
Historisk er det lenge sidan me har sett eit lysare bilete inn i framtida for grisen. Men, for nokre år tilbake hadde tunet vore fullt med betongbilar og byggningsfolk med dagens økonomiske framtid, så kvifor er det ikkje slik har eg spurt meg sjøl om? Har ikkje funne eit eintydig svar på dette spørsmålet, men eg har nokre tankar: Mange føler nok dei er for små, innredning er gammal og utslitt, ved generasjonsskifter så vel ein kanskje bort grisen eller er det regelverk om utegris og arealkrav som ligg og lurer? Eller kan det vera pris på heilt nytt driftsapparat til over 20 millionar kroner pluss kjøp av eigedom/ gard i tillegg? Det siste er skremmande i seg sjøl. Uvisse om regelverk er og eit hinder for ikkje å utvikle drifta vidare, derimot har fleire rundt i landet funne sin måte å løyse framtidsutsiktene på sin gard og det som kan vere ei god løysing, er å utvikle det bruket du har med dei ressurser ein har i sitt nærområdet som kan gje ein brukbar avkastning til både løn og kapitalen. I dette uttrykket ligg og muligheten å auke produksjon opp til grensa for konsesjon. Låg gjeldsgrad, som då igjen kan resultere i ei god løn hjå den enkelte, er eit varsku og som me må ta inntektssituasjonen på alvor. Bra økonomi er ikkje det same som alt er bra!
Konsesjonsregelverket
Det har vore veldig stille rundt konsesjonsregelverket etter det vart vedteke i 2019. Norsvin sitt innspel var då nokså likt det som blei gjeldande regelverk frå 1 januar 2020. Eg registrerer det har kome opp ein debatt som vil ha ein ny runde på regelverket før det eigentleg er heilt komme i gang. Norske svineprodusentar har i nesten alle år sørga for 100% marknadsdekning til den norske marknaden og det har me eit høgt ønske om å halde fram med. Det å ta frå produsentar ein slags rett til høgare produksjon enn den mengde produksjon intensjonen eit regelverk la opp til kan verke urettferdig, det har eg forståelse for, men å setje oss ner nå og omformulere det regelverket me sjølv var med å lage er heilt urealistisk. Etter Nortura Totalmarknad sine langtidsprognosar vil det vere ei viss underdekning etter 2024 og held produktivitetsframgangen fram er det etter kalkylane ikkje så lenge før me er i balanse att. Og husk, for grisen er det to heilt ulike verdenar økonomisk å vere i ein liten underdekning vs overproduksjon. Eg prøver meg på å kokludera at dette er ein ønska konsekvens.